Monumentet
John Butt tolkar Bachs kristelege og kunstnarlege credo.
La Cetra Basel framfører J.S. Bachs Messe i h-moll.
Foto: Martin Chiang
CD
Johann Sebastian Bach:
Mass in B minor
La Cetra Basel; dir.: John Butt. Arcana 2024
Messe i h-moll, BWV 232, er Johann Sebastian Bachs (1685–1750) siste og mest spektakulære korverk. Han samanfattar her form- og stiltrekk frå 200 års kyrkjemusikkhistorie – frå Palestrina til Pergolesi – med alt frå arkaisk polyfone satsar til elegante ariar moderne for si tid. Dei instrumentale solostemmene er så krevjande at jamvel dagens spesialiserte musikarar må ta seg saman for at det skal klinga bra.
Messa er myteomspunnen, for ho sprenger alle rammer for den lutherske liturgien i Bachs samtid, og me veit ikkje om han skreiv henne for gudstenesta eller ei samla framføring i det heile. På katolsk vis toneset han nemleg alle dei faste messeledda på latin. Lutheranarane pla berre musisera Kyrie- og Gloria-ledda; dei andre ledda gjorde dei om til salmar på morsmålet, sungne av kyrkjelyden.
Prøvesteinen
Bach arbeidde med komposisjonen gjennom store deler av yrkeskarrieren. Den eldste delen blei til medan han stod i sin mest intense kunstnarlege flor i 1724, medan dei siste satsane blei skrivne med skjelvande hand og sviktande syn i dei siste leveåra hans.
Kvifor han bala til sin døyande dag med å fullføra ei liturgisk «ubrukeleg» messe, utan noka samla framføring i sikte, veit me ikkje. Men eg trur han slik ville etterlata seg eit musikalsk monument over livsgjerninga si – i form av eit koherent meisterverk som demonstrerte at han rådde over alle kyrkjemusikkens former.
Å tolka denne messa er prøvesteinen på dugleiken til alle Bach-dirigentar. John Butt har no avlagt sin prøve, med orkesteret og koret La Cetra Basel. At framføringa er teknisk solid og musikalsk gjennomtenkt, høyrer me alt i den fyrste Kyrie-satsen (CD 1, spor 1), der fugetemaet i den instrumentale innleiinga har gjennomtenkt artikulasjon. Med fin veksling mellom stakkato og legato imiterer instrumenta nemleg artikulasjonen i orda «Kyrie eleison».
Kristus til krossen
Driven Butt får til i bass-seksjonen i orkesteret imponerer, til dømes i Crucifixus-satsen (CD 2, spor 5), der ein formeleg høyrer hamringa av naglane som feste Kristus til krossen. Framtak er det også i Confiteor-satsen (CD 2, spor 8). Dei rolege korstemmene blir her lyfte opp og fram gjennom ei bassline forma på måten jazzfolk kallar walking bass.
Også ariane innfrir. I duetten Christe eleison (CD 1, spor 2) er det flott svelling på tonen til sopranane Hana Blazíková og Miriam Feuersinger (for eit etternamn på ho siste, «Eldsongar»!). Nøgd er eg også med favorittarien min, Quoniam tu solus sanctus (CD 1, spor 11), der Bach lèt bass-solisten (Tobias Berndt) få fylgje av to fagottar og horn – ein sær kombinasjon, som mest av alt læt som godlyndt skvaldrande gjæser.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.