Musikk

Mønstergyldig frå Red Kite

Tandemet Hermansen og Moen viser styrke.

Publisert

Bandet følgjer opp debuten Red Kite frå 2019 med den tydelegare og sterkare Apophenian Bliss. Tittelen er i høgste grad ironisk. Musikken, som Hermansen for det meste har komponert, har klare referansar til ymse fusion- og rockeuttrykk på 70- og 80-talet, og formspråket deira har ein klarleik som gjer at ein lett får auge på mønster og strukturar.

Dette står i kontrast til debuten. Stilistisk er dei i høgste grad i slekt, men debuten hadde eit meir grautete lydbilete. Dei spanande nyansane mellom gitar og Fender Rhodes på Apophenian Bliss gjev uttrykket ein ny dimensjon.

I tillegg til eit meir transparent lydbilete er låtmaterialet meir samansett. Det energifylte i raske tempo dominerer framleis, men desse låtane blir balanserte av til dømes den nydelege balladen «Apophenia», der Moen i introen hintar mot det vakre temaet som han og Hermansen serverer i fellesskap.

I det improviserte midtpartiet vev Hermansen og Frønes saman linjer, og Moen hengjer seg på. I siste del vender dei attende til temaet, og Lofthus syner heile vegen at han beherskar lite-er-nok-uttrykket. Sistnemnde er kanskje meir i sitt ess på den raske «Astrology (The One True Science)», der Hermansen og Lofthus ikkje står attende for John McLaughlin og Billy Cobham i våtdraktstett samspel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement