JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Moderleg dansemusikk

RuPauls fjortande er ein spretten dansegolvssymfoni med smittande aura av sunn sjølvtillit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1868
20220114
1868
20220114

Pop / Elektronisk musikk

RuPaul:

Mamaru

RuCo Inc.

RuPaul var først å sjå i videoen til The B52s «Love Shack» frå 1989 og har gitt ut musikk sidan 1993. Det nye albumet, Mamaru, hans fjortande, kom ut same dag som første episode av fjortande sesong av TV-showet RuPaul’s Drag Race. I første episode av det som ser ut til å bli ein heidundrande sesong fylt med inspirerande personlegdomar, gjorde dragmoder Ru sin entré på gangplanken i form av ein koreografi til den varmande house- og R&B-låta «Catwalk», omgitt av muskuløse dansarar og ein aura av inspirerande, sann og sunn sjølvtillit.

Mamaru er eit fokusert album der RuPaul med stor suksess viklar 90-tals house- og dance-røtene sine saman med moderne klubbmusikk og hiphop. Produksjonen er fyldig, fengande og blytung på eit vis som vekkjer lyst til både tramping og spretting.

Det djupe houseopningssporet «Just What They Want» er, med varm 90-talsbassynth, ein overraskande bridge-del og framifrå bruk av stemmesamplingar som drivande element, nett det underteikna vil høyre. Liknande meisterleg tilklipping av vokalsnuttar finst både her og der albumet gjennom, til dømes på det medrivande refrenget til den hardtslåande reggaetonlåten «Who Is She». Ingen av dei ti spora kjennest overflødige. Sjølv den autotuneherja og intenst chiptunekrydra hyperpoplåten «Smile» skal det godt gjerast å bli gretten av.

Noko av det som gjer RuPauls prosjekt så vakkert og viktig, er at han meistrar å overlevere ei kjensle av fridom til å vere den ein er i staden for å presse seg inn i prefabrikkerte stil- og personlegdomsinnpakningar. Verda er di rullebane, som han syng med ein omsorg som med rette kan kallast moderleg.

Rasmus Hungnes 

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis