Musikk

Minnet om M

Eiko Ishibashi oppsøkjer si eiga familiehistorie.

Eiko Ishibashi har fått svar på ein del spørsmål, men òg fått ein del nye.
Eiko Ishibashi har fått svar på ein del spørsmål, men òg fått ein del nye.
Publisert

Det dramatiske opningssporet på Eiko Ishibashis The Dream My Bones Dream manar sakte fram ein overveldande orkestral lyd som har noko avventande over seg, som om lyttaren har ei reise framføre seg.

I neste spor, «Agloe», er vi på plass på togstasjonen, og det vert løyst billett, «til verdas ende», på ei togstrekning «fylt av tvil». Ishibashi syng på japansk, men tekstheftet byr på både kinesisk og engelsk omsetjing. Kvar er det vi skal?

Lyrisk utforsking

Det viser seg at destinasjonen er ei fortagd forteljing i Ishibashis familiehistorie. Då far hennar døydde, gjekk artisten gjennom det som var att etter han. Slik det ofte blir, dukka gamle fotografi opp, og nye, ukjende forteljingar om eit liv. Ishibashi har laga albumet «til minne om M».

The Dream My Bones Dream er ei lyrisk utforsking av fotografia ho fann, fleire av dei tekne i eit skiftande landskap, av ein bestefar som arbeidde i jarnbanen. Relasjonar mellom enkeltmenneske vert situert mot eit historisk bakteppe og kastar nytt lys på familiebiografien. Far til Ishibashi vaks opp i åra då Japan okkuperte den kinesiske regionen Mandsjuria (1931–1945).

Eg skal ikkje avsløre meir. Ein skjøner at Ishibashi har fått svar på nokre spørsmål ho har grunda over i livet sitt, men i kjølvatnet har det dukka opp nye. Mest av alt fortel The Dream My Bones Dream om denne oppdagingsreisa, som peikar både inn i fortida og inn i framtida – inn i artistens forståing av sitt eige opphav.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement