Min song, din song
Cecilie Anna feirar låtskrivarkunsten på sitt eige vis.
Cecilie Anna syner respekt for handverket det er å lage ein song, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Paal Audestad
Rock
Cecilie Anna:
Hommage County
Cecilie Anna Records
Første gong eg lytta til «I See a Darkness», ein av songane på Hommage County, det ferske albumet frå Cecilie Anna, tenkte eg at det var som å treffe på ein gammal ven. Det var ei stund sidan eg sist hadde lytta til Will Oldhams song, som eg held høgt – kven kan gjere noko anna? Men det hadde ikkje gått så lang tid at eg ikkje høyrde at songen no var utstyrt med nye akkordar og ny melodi.
Når ein kjem over ein song ein har kjær, og han med eitt framstår som noko heilt nytt – kva er det som skjer? Spørsmålet er ikkje så enkelt og tilforlateleg som det kan verke. For nokre år sidan pusla eg faktisk med ei spalte i denne avisa, «Kjærleik og tjuveri», som utelukkande var vigd til å stille det spørsmålet om igjen og om igjen, og det var stadig nye svar å finne.
Hadde eg halde det gåande endå, kunne eg ha vigt Hommage County ei utgåve. Eg tippar «I See a Darkness», framført av Cecilie Anna, vil fylle Oldham med glede. Tolkinga seier noko om kva som bur i songen, og er på den måten, i kraft av seg sjølv, ei slags hyllest, ein måte å seie takk på.
Tolkingsinvitasjon
Men det er ikkje det einaste Oldham har å glede seg over i møtet med eit album som dette. Det er nemleg tenkt som ein invitasjon til tolking, og det gir det ein unik kvalitet.
For songane på Hommage County er skrivne med fire røyster Cecilie Anna held høgt i tankane: Bill Callahan, Will Oldham, Endre Olsen og Anne Gjerstad. Dei to sistnemnde syng sjølve songane sine, medan Cecilie Anna syng for Callahan og Oldham.
Denne bakgrunnen tener først som eit utgangspunkt for lyttinga, før det forsvinn frå tankane, og kvar låt tek til å leve sitt eige liv, i den drakta dei er kledde i. Likevel kjennest Hommage County som eit subtilt, og difor djupt uttrykk for respekt for det særeigne handverket det er å lage ein song, med ei helsing frå ein artist til ein annan. At Cecilie Anna også har tonesett dikt av poeten James Lyons, berre styrkjer dette aspektet ved albumet.
Eksperimentelt
Kva er det som skjer når nokon løftar fram ei forteljing, ber henne vidare, i møte med eit nytt publikum? Slik har forteljekulturen vakse og utfalda seg gjennom alle tider, frå leirbål til digitale flater, og heile tradisjonar har funne si form. Og det er med songen som med historia – ved å tolke, byggjer ein vidare på noko, og tilfører på same tid noko nytt.
Eg er neppe åleine om å ha tenkt at dette er sjølve kjernen i musikken – for det å dele er også å byggje fellesskap, og seie noko om kvar ein kjem frå, og kvar ein vil høyre heime. Hommage County er ei feiring av denne vedvarande overleveringa, som rommar sitt heilt eige venskap. Min song er din song, er vår song.
Også denne gongen, som på tidlegare utgivingar, sirklar uttrykket rundt Cecilie Annas røyst, men lydleg er det også nokre nye påfunn, og desse tilfører noko leikent og eksperimentelt.
Musikar (og ektemann) Vidar Vedå har gjort opptak av ein haug med lydar – frå tannbørstar til bjøller og skuffer som vert attlatne – og desse har artisten arbeidd med, ved hjelp av programvare. Lydane forlèt opphavet sitt og legg ut på ei lita reise, og det skal litt av ein gjetteleik til for å finne ut kvar dei kom frå. Dei tilfører songane atmosfære, noko gåtefullt. Markant er også bruken av pumpeorgel, som kler uttrykket godt.
Cecilie Anna held fram med sine reiser i songen, og godt er det – kven veit kvar det vil føre henne neste gong?
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.