Musikk

Mikkel mot draken

Hildebrandt-orgelet frå 1746 i den austtyske byen Naumburg.
Hildebrandt-orgelet frå 1746 i den austtyske byen Naumburg.

CD

Johann Sebastian Bach:

Es erhub sich ein Streit;
m.fl.

Gaechinger Cantorey; dir.. Hans-Christoph Rademann. Accentus 2019

Han fryda seg nok, Johann Sebastian Bach (1685–1750), då han til mikkelsmess i 1726 fekk i oppdrag å tonesetja fylgjande kantatetekst: «Det reiste seg ein strid/ Den rasande slangen, helvetes drake/ Stormar mot himmelen med ofseleg hemnlyst». Denne librettoen innbyr til det intenst retoriske musikalske uttrykket som barokkomponistane elska – Es erhub sich ein Streit, BWV 19, er då òg ein av hans mest medrivande kantatar.

Gaechinger Cantoreys framstilling av engelen Mikaels oppgjer med draken frå Johannes’ openberring overtyder. Men i kantaten Gott soll allein mein Herze haben, BWV 169, der orgelet spelar solo saman med orkesteret, haltar samspelet. Det blir nytta eit stort orgel av orgelbyggjaren Zacharias Hildebrandt frå 1746, som Bach personleg godkjende. Truleg er det av di organisten sit i tredje etasje i kyrkja medan orkestert er plassert i fyrste, at kommunikasjonen mellom dei er svekt.