JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Metal ved regnbyens ende

Bismarck syng pre-apokalyptisk leirbålsmetal i ein oase truga av flaum- og tørkekatastrofe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1945
20240524
1945
20240524

Metal

Bismarck:

Vouruka­sha

Dark Essence Records

Det bergenske metalbandet Bismarck utforskar doom- og stonerrock-landskapet, stilartar kjenneteikna av buldrande bass- og gitardronar marinerte i ei myr av fredsæl feedback, hypnotiske overtonar og blytunge trommer i seigt tempo. På album nr. 3, Vourukasha – kalla opp etter eit himmelsk hav i den protomonoteistiske zoroastriske mytologien og ein oase av blomar i rollespelet Genshin Impact – syner bandet at det ikkje står tilbake for sjangerpionerar som Sleep og Swans.

Den musikalske ørkenvandringa i retning undergangen legg i veg med dei standhaftige, blytunge spora «Sky Father» og «Echoes». På tredjesporet «Kigal» motiverer lokkande kviskring frå det fjerne til å trasse tørst og solstikk, og klatringa over dynene vert driven av mellomaustleg perkusjon og transeinduserande oudklimpring. «The Tree of All Seeds» startar lik den reinaste rollespel-landsbyutkant-musikk i ein trygg oase, men etter fjøre kjem flod.

Boren av feedback-kuling klaskar tittelsporet rett i fleisen på lyttaren, ei sonisk flodbølgje rullar over lydlandskapet og lullar umedvitet inn i vakne draumar om ei ambivalent, uttørka overfløyming. Gigantiske gitardronar sildrar av garde med- og motstraums medan knusktørre cymbalar plaskar og klaskar i veg, renn opp- og nedstraums lik milliardar av små sandkorn i halvfulle halvtomme timeglas.

På avslutningssporet «Ocean Dweller» er det soniske klimaet ekstremt, overveldande, altomfattande og i konstant endring: Faderleg voggesong blir til presteaktig messing blir til desperate brøl og skrik som preiker profetiske visjonar frå endetida. Når det heile er over, har Bismarcks musikk gjort togna til din ven, og berre eit vagt ekko av desperasjonen heng att i det stille kaoset.

Rasmus Hungnes

er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis