Musikk
Mest berre blås
Haydn og Beethoven utan fiolinar fungerer faktisk framifrå.
Det Norske Blåseensemble blir dirigert av Eivind Aadland.
Foto: Veronica van Groningen
Ein Beethoven-konsert og ein Haydn-symfoni omarbeidde for blåseensemble? Eg var spent på korleis dette læt. Men trompetisten Stian Aareskjold har lukkast med arrangementet av desse opphaveleg strykarbaserte verka, som har klår og luftig instrumentering. Det er driv over spelet til Det Norske Blåseensemble, og dirigenten Eivind Aadland handsamar kvar frase med grannsemd og finesse.
At verka er for blåseensemble, tyder ikkje at der er berre blåsarar. Her er paukar, cello og kontrabass, og i Haydn-symfonien også cembalo. Bruken av barokktrombonar og ventillause barokktrompetar og valthorn bidreg til den dynamisk balanserte ensembleklangen.
Ludwig van Beethovens (1770–1827) tragiske Klaverkonsert nr. 3 i c-moll frå kring 1800 blir teknisk sobert framført av solisten Christian Ihle Hadland, med gjennomtenkt frasering og artikulasjon. Særleg likar eg den skifterike sistesatsen, der det «smell» godt i barokktrompetane, sjølv om dei dynamiske kontrastane gjerne kunne vore større.
Dramatisk gestus
Joseph Haydns (1732–1809) Symfoni nr. 44 i e-moll frå kring 1770 er nok det stykket som fungerer best i denne typen arrangement. Verket høyrer til hans Sturm und Drang-periode. Desse «storm og trong»-symfoniane – epokenamnet er lånt frå tysk litteraturhistorie – har brå stemningsskifte og dristig harmonikk og rytmikk. Typisk er difor fyrstesatsen «Allegro con brio», som opnar med dramatisk gestus. Vide sprang blir spelte unisont av heile ensemblet, tett etterfylgde av ein melankolsk motsats.
Andresatsen, ein menuett, merkjer seg ut. Haydn har nemleg komponert denne grasiøse hoffdansen i komplisert kanonform: Toppstemma og bass-stemma har same melodi, som startar etter kvarande. Slike påhitt er typiske for Haydns musikalske humor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.