Musikk

Messer en masse

På 1700-talet var hoffet i Dresden ei katolsk øy i eit hav av protestantar.

«Dresden i måneskinn», måla av bergensaren Johan Christian Dahl (1788–1857).
«Dresden i måneskinn», måla av bergensaren Johan Christian Dahl (1788–1857).
Publisert

Dresden som kulturby står i særstilling i Tyskland på grunn av den unike kunstsamlinga og barokkarkitekturen. Like imponerande må musikklivet ha arta seg i barokken. Men musikken som beinveges klingande kunstform, må jo – ulikt den bildande kunsten og bygningane – «gjenopplivast» for å opplevast.

Det var dette ei rekkje ensemble og dirigentar gjorde på plateselskapet Carus for fem år sidan, då dei med mammutalbumet Meister der Dresdner Kirchenmusik reiste eit musikalsk monument over den gamle saksiske residensbyen. Boksen med ti CD-ar gjev oss musikk frå tre hundreår. Mange av verka blir sjeldan blir framførte.

Italienskprega

Mesteparten av den innspelte kyrkjemusikken er katolsk og komponert i italiensk stil. Historisk står også Dresdens kyrkjemusikktradisjon i særstilling i Tyskland – av konfesjonelle grunnar. På 1500-talet, i tida då Heinrich Schütz (1585–1672), den eldste komponisten på albumet, blei fødd, var Sachsen det einaste protestantiske kurfyrstedømmet i Tyskland.

Men då kurfyrst August den sterke av Sachsen i 1697 konverterte til katolisismen (for å bli polsk konge), fekk dette som gjerne blir kalla «reformasjonens moderland», brått eit katolsk statsoverhovud og katolsk hoff. Ved hoffet i Dresden styrkte ein utover på 1700-talet dei musikalske banda til Italia og tilsette italienske komponistar og tyskarar som var utdanna der. Ein markant kontrast til nabobyen Leipzig, altså, som var luthersk-ortodoks.

Virtuose blåsarar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement