JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Messe i krigstid

Haydns «Paukemesse» er ei bøn om fred i ei verd av krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Franskmenn mot austerrikarar i slaget ved Arcole i Nord-Italia i 1796. Måleri av Horace Vernet (1789–1863).

2654
20220311
2654
20220311

Standard­innspelinga

Joseph Haydn:

Pauken­messe

Collegium Musicum 90; dir.: Richard Hickox. Chandos 1998

Året er 1796. Revolusjons­krigane mellom Frankrike og ymse samband av europeiske makter er i sitt femte år. Under den såkalla fyrste koalisjonskrigen kjempar austerrikske troppar ein tofrontskrig: Den eine fronten er i Sør-Tyskland, den andre i Nord-Italia, som er i ferd med å bli hærteke av franskmennene under leiing av den unge og karismatiske Napoleon. For fyrste gong sidan den osmanske kringsetjinga av Wien i 1683 står hovudstaden i fare for å bli invadert.

In tempore belli

Dette er den historiske bakgrunnen for Joseph Haydns messe i C-dur for fire solistar, firstemmig kor og orkester, Hob. XXII/9. Ho blir gjerne kalla «Paukemessa». Men den latinske tittelen den 64 år gamle komponisten forsynte partituret med, er sterkare: Missa in tempore belli – «Messe i krigstid».

Tekstgrunnlaget for ei messe er ledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Det var ikkje nytt å leggja inn krigsreferansar i messetonesetjingar – i form av instrumentering med paukar og trompetar, i tillegg til melodiske og rytmiske motiv frå militærmusikken. Men den sofistikerte og dramaturgisk gjennomtenkte måten Haydn her gjer det på, skulle fyrst bli overgått eit kvart hundreår seinare, med Beethovens Missa solemnis.

Korleis kjem så krigsotta til uttrykk i Haydns verk?

Vondt omen

Dei fire opningsledda (Kyrie, Gloria, Credo og Sanctus) er haldne i konvensjonell stil – konvensjonell i uttrykk og effektar, med den vakre blandinga av songlege melodiar og balansert veksling mellom kor og solistar som den gamle Haydn meistra til fulle. Men messeleddet Agnus Dei («Guds lam») er eineståande.

Satsen tek ei overraskande vending. «Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss» blir fyrst sunge enkelt og vakkert, med linne harmoniar i koret. Men snart kjem eit varsel om det vonde i form av paukeslag i pianissimo, langsame trommekvervlar komponisten meinte skulle spelast «som om ein høyrer fienden i det fjerne rykkja nærare». Fyrst er desse paukeslaga liksom utanfor musikken. Seinare – styrkte av stadig sterkare trompetstøyt – tek dei over heile satsen.

«Vil du ha fred, førebu deg på krig», lyder det latinske ordtaket. Sistesatsen, «Dona nobis pacem» («Gjev oss fred»), er sigerviss, med krigerske fanfarar som vekslar mellom fredsame solistiske parti og drivande korfugar. Haydns musikalske bøn om fred i ei verd av krig blir altså lønt med siger.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis