Musikk

Mellom kaffikoppen og vinglaset

Margo Cilker er ein framifrå låtskrivar.

Margo Cilker kjem no med album nummer to.
Margo Cilker kjem no med album nummer to.
Publisert Sist oppdatert

Kva gjer eg med det i midten, mellom den første kaffikoppen og det siste vinglaset? Det er Margo Cilker som spør, i «With the Middle», ein av dei finaste songane på andreplata Valley Of Heart’s Delight, som er ute i dag: «What do I do with the middle between the coffee and the wine?»

For dei fleste vil det jo vere mesteparten av dagen, og Cilkers song er laga til trøyst for dei av oss som er inne i ein periode der alle dei timane verkar litt tunge å komme gjennom. «With the Middle» fortel mykje om artistens store kvalitetar som låtskrivar. Det er ei stemning og ein livssituasjon som har vorte skildra før, men aldri akkurat på denne måten.

Spor av reiser

To år har gått sidan eg løfta fram den jordnære americanaen på debutalbumet Pohorylle på desse sidene. I likskap med mange andre som skreiv om plata, merka eg meg korleis Margo Cilkers mange reiser, både i heimlandet og på det europeiske kontinentet, såg ut til leggje etter seg spor i songane hennar, i stemningane og i menneskeskildringane.

Sidan den gong har ho slege seg til ro, i alle fall for ei stund, på ein ranch i delstaten Washington, med mann og hestar – og kanskje er det difor ho kan lage ein song som utfaldar seg i det kvardagslege med slik stor truverd. Det eksistensielle i «With the Middle» er sett frå kjøkkenglaset, i rommet der dagen tek til og nokre timar seinare tek slutt. Slik kan jo livet vere, ein sirkel der ein heile tida må rykke tilbake til start, og det kan kjennest som ein ikkje kjem vidare. Skrapar ein litt i verselinene, finst det ei einsemd under, i det som ikkje vert sagt.

Stor variasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement