JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Mellom kaffikoppen og vinglaset

Margo Cilker er ein framifrå låtskrivar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Margo Cilker kjem no med album nummer to.

Foto: Jen Borst

2965
20230915
2965
20230915

Country

Margo Cilker:

Valley Of Heart’s Delight

Loose Music 

Kva gjer eg med det i midten, mellom den første kaffikoppen og det siste vinglaset? Det er Margo Cilker som spør, i «With the Middle», ein av dei finaste songane på andreplata Valley Of Heart’s Delight, som er ute i dag: «What do I do with the middle between the coffee and the wine?»

For dei fleste vil det jo vere mesteparten av dagen, og Cilkers song er laga til trøyst for dei av oss som er inne i ein periode der alle dei timane verkar litt tunge å komme gjennom. «With the Middle» fortel mykje om artistens store kvalitetar som låtskrivar. Det er ei stemning og ein livssituasjon som har vorte skildra før, men aldri akkurat på denne måten.

Spor av reiser

To år har gått sidan eg løfta fram den jordnære americanaen på debutalbumet Pohorylle på desse sidene. I likskap med mange andre som skreiv om plata, merka eg meg korleis Margo Cilkers mange reiser, både i heimlandet og på det europeiske kontinentet, såg ut til leggje etter seg spor i songane hennar, i stemningane og i menneskeskildringane.

Sidan den gong har ho slege seg til ro, i alle fall for ei stund, på ein ranch i delstaten Washington, med mann og hestar – og kanskje er det difor ho kan lage ein song som utfaldar seg i det kvardagslege med slik stor truverd. Det eksistensielle i «With the Middle» er sett frå kjøkkenglaset, i rommet der dagen tek til og nokre timar seinare tek slutt. Slik kan jo livet vere, ein sirkel der ein heile tida må rykke tilbake til start, og det kan kjennest som ein ikkje kjem vidare. Skrapar ein litt i verselinene, finst det ei einsemd under, i det som ikkje vert sagt.

Stor variasjon

I andre songar er det å slå rot ei kjelde til forankring og livsfred, som i «Lowland Trail», som dessutan viser Cilker frå ei svært radiovennleg side, meir enn tilfellet var på Pohorylle. Dette kan ha si forklaring i at låtskrivaren visstnok har lytta til mykje popcountry frå 1980-talet dei siste åra og funne inspirasjon der.

Variasjonen er stor på Valley Of Heart’s Delight, som rommar både ettertenksame balladar og låtar som er lette på foten, med kvikke, smittande refreng, utan at det nokon gong sprikar. Ein viktig medspelar for å få dette til er Sera Cahoone, som har produsert og er med på trommer. Dei solide musikarane har elles bakgrunn frå band som The Decemberists, Band Of Horses og Beirut.

Treng ein song ekstra utsmykking, til dømes i form av blåsarar, så får vi blåsarar, som på sjarmerande «Keep It On A Burner». Akkurat den songen viser også godt Cilkers glimt i auget – og livsvisdommen hennar. Det er ikkje for ingenting at 30-åringen kallar seg ei gammal sjel.

Med Valley Of Heart’s Delight teiknar det seg eit bilete av ein artist som ser ut til å verte ein av sin generasjons fremste låtskrivarar.

Øyvind Vågnes 

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis