Melankoli
Jonas Nordberg tryllar fram velklang frå sauetarm.
Luttspelande englar frå Giovanni Bellinis (ca. 1443–1516) «Tronande madonna» (utsnitt) i Gallerie dell’Accademia i Venezia.
Foto: Sjur Haga Bringeland
CD
John Dowland:
Lessons
Jonas Nordberg, renessanselutt. BIS 2022
«Now divine aire! Now is his soul ravished. Is it not strange that sheep’s guts should hale souls out of men’s bodies?» – «Så, guddommelege musikk! No er sjela hans gripen! Er det ikkje merkeleg at sauetarmar kan hala sjela ut or lekamen til eit menneske?» Dette sitatet frå Shakespeare-komedien Stor ståhei for ingenting krev kontekstualisering. Det får me i omslagsteksten til Jonas Nordbergs album Lessons, der den svenske luttspelaren framfører musikk frå Shakespeares tid, av Englands største luttkomponist, John Dowland (1563–1626).
Med sauetarm er det strengane på renessanselutten som er meint. Desse var den gongen ikkje laga av metall eller nylon, men av tvinna tarm frå sau eller storfe, noko som òg gjeld strykeinstrument. Tarmstrengar har ein eigen varm og duld klang, men dei er kjenslege for mekanisk slitasje og endringar i temperatur og humiditet – har du ikkje opplevd ein barokkonsert der fiolinisten ryk ein streng og må skifta han, har du ikkje vore på nok barokkonsertar.
Kling godt
Nordberg er kompromisslaus i sin tarmentusiasme. Mange luttspelarar grip til strengar som er omspunne med metall eller laga av syntetiske materiale for slik å sikra fysisk stabilitet og klangleg briljans. Nordberg, derimot, insisterer på den reine, historiske klangen. Dette inneber ekstraarbeid som polering av tarmstrengane med børstar av siv og behandling av bass-strengane med trutning i mineralsaltlake.
Å peika konkret på kva som skil Nordbergs luttklang frå den til dei meir kompromissvillige kollegaane hans, er eg ikkje i stand til. Men lutten hans kling i alle høve godt.
Kristian Kvart
Det Bach var for orgelmusikken, var Dowland for luttmusikken. Verknaden hans som luttkomponist og -virtuos gjekk langt ut over Englands grenser: Etter opphald i Frankrike, Tyskland og Italia tente han mellom anna i åtte år som kammermusikar ved Kristian IVs hoff i København. I dag er vel luttsongane mest populære, men fingeravtrykka etter virtuositeten hans merkar me best i solostykka.
Dei ber ofte namnet til den dei blei dediserte til, til dømes «The Most High and Mighty Christianus the Fourth, King of Denmark, His Galliard.» Dette er ein stolt og kraftfull dansesats, passande til Kristian Kvart slik me kjenner han frå portrettmåleria. Nordberg spelar galliarden med fulltonande akkordar og tydeleg differensiering mellom melodi og bassline. Eg likar godt den gylne og metta klangen i bassregisteret, som spelar ei spesiell rolle i «A Fantasie». Stykket har ein artig liten bass-solo mot slutten.
Det mest kjende verket på plata er «Lachrimae» (òg kalla «Flow my Tears»), som er eit typisk uttrykk for Dowlands melankoli, den han (og mange av dei samtidige poetane hans) dyrka som kunstnarleg livsinnstilling. Nordberg spelar stykket i ganske høgt tempo. Slik gjev han inntrykk av å teikna eit bilete av melankolien meir enn å kjenna på melankolien sjølv.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.