Meisterleg framføring
Spelet til Olav Wernersen er ei samansmelting av underhaldning, kunst og imponerande handverk.
Trekkspelmusikk
Olav Wernersen:
Innspillinger fra 1953 til 1988
Aksent
«Trekkspelmusikk» er sjølvsagt ingen sjanger. Men det er likevel typisk for mykje av det som har vorte spelt på dette instrumentet, musikk som ikkje passar heilt inn i etablerte sjangrar som «jazz», «folkemusikk» eller «pop». Også dei mange trekkspelvitsane stadfestar at dette instrumentet ofte hamnar i ein merkverdig posisjon mellom «høg» og «låg» smak. Og framleis er det slik at nokre av dei fremste nolevande trekkspelarane våre – som til dømes Frode Haltli og Stian Carstensen – meistrar eit stort repertoar av stilartar og ikkje utan vidare lèt seg kategorisera.
Olav Wernersen (1936–2006) var òg ein slik sjangeroverskridande musikar, men det som særpregar desse nyrestaurerte opptaka, er at det er opplagd underhaldningsmusikk, med smektande melodiar, svingande rytmar og småfrekke akkordar. Her smeltar element frå gamaldans, swingjazz og fransk tradisjonsmusikk saman, og spelet (på knappetrekkspel) er ekstremt virtuost samstundes som det er lett og elegant. I tillegg medverkar fleire framståande jazzmusikarar, som bassisten Håkon Nilsen, gitaristen Finn Westbye og trommeslagaren Jon Christensen.
Wernersen vaks opp i Østfold, vart først kjend som «barnestjerne», gjorde det godt i trekkspeltevlingar og vart etter kvart kjend som revymusikar, radioartist og studiomusikar. Men seinare studerte han også kontrabass, harmonilære og kontrapunkt i Stockholm, og vart buande i Sverige resten av livet.
Mange av melodiane på plata er kjende svisker som «Domino», «Bluesette» og «Smoke gets in your eyes», men dei fleste komposisjonane er skrivne av Wernersen sjølv. Denne samlinga av innspelingar (dei fleste frå 1950- og 60-åra) er eit viktig kulturhistorisk dokument som viser at det ikkje treng vera nokon motsetnad mellom folkeleg underhaldning og musikalsk handverk på svært høgt nivå.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Teikning: May Linn Clement
Til å verta kvalm av
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.