Meisterens metode
For Kirnberger var J.S. Bach på alle måtar den største musikaren.
Det tyske ensemblet NeoBarock held eit jamt høgt nivå.
Foto: Patrick Essex
Standardinnspelinga
Johann Philipp Kirnberger:
6 Trios
NeoBarock. Ambitus 2009
Det tyske ensemblet NeoBarock har gjennom fleire album utforska dei kompositoriske omgjevnadane til Johann Sebastian Bach (1685–1750). Ros til dei for det; dei fleste spelar jo berre inn nye versjonar av dei same, gamle Bach-verka.
Denne CD-en frå 2009 er vigd Johann Philipp Kirnberger, nærare bestemt dei seks triosonatane hans som er overleverte i manuskript ved Staatsbibliothek Berlin. NeoBarock stod for den aller fyrste innspelinga av desse verka for to fiolinar og basso continuo (besifra bass, spelt av cello og cembalo eller orgel). Eg har opplevd ensemblet live ved fleire festivalar i Tyskland og hugsar at profesjonaliteten til dei relativt unge musikarane imponerte. Også på albumet held spelet eit jamt høgt nivå. Det same kan ikkje alltid seiast om komposisjonane.
Kven var så Johann Philipp Kirnberger, og kva hadde han med Bach å gjera?
Prinsesselærar
Kirnberger er meir kjend som teoretikar enn som komponist. Han var fødd i Thüringen i 1721 og drog kring 1740 til Leipzig for å studera hjå Bach. Møtet prega han livet ut. Etter mange år som musikar hjå ymse polske adelsmenn enda han opp i Berlin, der han blei lærar og musikkbibliotekar for prinsesse Anna Amalia av Preussen. Her samla og publiserte han mange Bach-verk og bevarte dei slik for ettertida.
For Kirnberger var Bach både den beste komponisten, utøvaren og læraren. Men han etterlét seg inga lærebok eller noko teoretisk traktat. Dette ville Kirnberger bøta på gjennom undervisning og teoretiske publikasjonar etter «Bachs metode». Intensjonen var nok oppriktig, men han møtte kritikk i samtida.
Godt handverk
Kirnbergers historiske interesse kjem til uttrykk i triosonatane. Den fyrste opnar passande nok med ein fransk ouverture. Med sparsame middel får Kirnberger her til ein orkestral verknad i den fyrste (rolege) delen og god snert i den fugeaktige (snøgge) andre delen. Både i form og uttrykk er slike ouverturar erketypisk høgbarokke, ein stil som openbert låg Kirnberger i blodet. Verre er det med den moderne, «kjenslevare» rokokkostilen han prøver seg på i den andre sonaten. Toppstemmene dominerer her over bassen, og dei har ein bleik og stilleståande melodikk. Det kling monotont.
Den tredje sonaten er skriven i gamal stil frå renessansen, der idealet var mest mogleg likeverdige stemmer. På 1700-talet kalla ein dette stile antico, noko Bach var kjend for å briljera med. Sjølv om triosonaten kling stivare og er harmonisk bleikare enn hjå førebiletet Bach, syner Kirnberger godt handverk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.