Meir enn ei tørke, meir enn ei flod
Debutplata til Sophie Jamieson er sterk kost.
Sophie Jamieson lagar musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Bella Union
Rock
Sophie Jamieson:
Choosing
Bella Union
Choosing, Sophie Jamiesons debutalbum, er ei av desse platene som slår meg ut, ja, det er nesten så det er vondt å lytte. Og likevel har eg ikkje hatt anna på øyretelefonane dei siste dagane.
Det dreier seg om musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, og det frå første stund, i opningssporet «Addition», som fører meg inn i songuniverset med desse orda: «What did I do last night/ I lost my bike and broke a hole in my memory/ I think I left a part of me behind.» Det tek ikkje mange sekunda før lyttaren skjøner at Jamieson pinefullt presist skildrar eit rusproblem som er i ferd med å styre livet i feil retning.
Artisten har fortalt i intervju at det har vore rart å gi ut desse songane no. Fleire av dei teiknar eit bilete av eit sjølvdestruktivt alkoholforbruk og byggjer på erfaringar som ligg nokre år tilbake i tid. No er Jamieson ein annan plass i livet. At ho likevel heldt fast ved det som har vorte Choosing, er det mange lyttarar som vil setje pris på.
Realitetsflukt
Ein song som «Chrystal» skildrar rusen som både uimotståeleg og passiviserande, som ei flukt frå realitetane i eit øydeleggjande forhold, der fylla legg ein dempar på alt det skarpe. Rommet vert mindre, orda heng fast i munnen, det fell eit slør over alt – «and I prefer it this way», heiter det, hjarteskjerande paradoksalt, og heilt til å forstå. Til slutt vert jakta på drikke alt i ein slags labyrintisk sirkelgang: «searched all corners of this town to fill me up», som det heiter i ein song.
Mange tenkte nok at ei plate frå stortalentet Sophie Jamieson skulle komme lenge før, etter ei rekkje singlar og EP-plater for nokre år sidan, men tida gjekk, og periodevis var ho heilt borte frå låtskrivinga og livnærte seg på andre vis, mellom anna som bartender. Kanskje trong ho å komme ut av noko, og sjå det på avstand, for å kunne fortelje om det slik ho gjer her – eg veit ikkje. Det som er heilt klart, er at det ikkje kjem ut mykje populærmusikk som er som dette. Ein artist som Sharon Van Etten kjem i tankane, med sine hudlause skildringar, og kanskje eit par til, men det krev mykje å gjere om slike livserfaringar til songar av det kaliberet ein finn på Choosing.
Knapt
Jamieson samarbeidde tett med produsent Steph Marziano for å realisere dette materialet, og det har vore viktig ikkje å tilføre for mykje, sidan det kunne ha gått utover det intenst fokuserte uttrykket dei landa på. Alt er knapt på Choosing, der låttitlane i all hovudsak består av eitt einaste ord – «Downpour», «Sink», «Fill» og så bortetter. Ei sterk røyst får følgje av elektrisk gitar eller piano, og somme gonger – som i opningssporet – byggjer låtane seg opp med ei slags eksplosiv kraft. Heldigvis fell det nokre strimer lys inn her og der, som i songar som «Empties» – «You better not leave me stand in my empties» – og «Runner», døme på at vi også kan vente oss heilt andre plater frå denne artisten. Nokre motiv går att, som vatn i ulike former, som ugjer ein viktig biletkrins i fleire songar.
Kvifor skal eg lytte til songar som dette, spør du kanskje deg sjølv. Men ei av oppgåvene til kunstnaren er å skildre det vi ofte vel å vende blikket bort frå – og Sophie Jamieson er ein kunstnar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.