Musikk

Megadurkdriven antimusak

Decoder er ei attforteljing av ei William S. Burroughs-basert soge om fastfood, froskar og sløvande bakgrunnsmusikk.

Publisert

Den hamburgske musikkprodusenten Remutes nyaste album er ein adapsjon av Decoder, ein vesttysk science fiction-film frå 1998 med musikk av Soft Cell, The The og Einstürzende Neubauten. F.M. Einheit spelte perkusjon i det sistnemnde orkesteret, og i filmen speler han hovudpersonen F.M., ein motkulturell burgarflippar og hobbymusikant som oppdagar at bakgrunnsmusaken i fastfoodrestauranten han jobbar i, set gjestene i ein føyeleg hypnotisk transetilstand. Ikkje heilt ulikt måten tradisjonell kjøpesentermusak og dagens «lydkulissar» stiller sinnet inn på forbruksvenlege stemningsfrekvensar.

«FM» står for «frekvensmodulasjon», og det er FM-synthesizeren i Sega Mega Drive-spelkonsollen frå 1988 Remute har laga Decoder med. Instrumentet har nokre uregjerlege eigenskapar som gir ein særeigen og dynamisk lyd, og resultatet er storarta. Her er arven etter Kraftwerks menneskemaskinmusikk, new wave- og industrial-tradisjonen, Yuzo Koshiros «Streets of Rage»-spelmusikk og Yellow Magic Orchestras spretne og kunstferdige elektropop filtrert gjennom Remutes oppdaterte, djupe klubbmusikksensibilitet.

Decoder er tilgjengeleg digitalt i tillegg til ein Mega Drive-kassett for spesielt interesserte. Kassetten spelar musikken i sanntid på det originale spelmaskineriet – bitte litt forskjellig frå gong til gong – og inneheld dertil ei stumfilm- og bildebokaktig attforteljing av 1984-filmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement