Med låten i fokus
Hoff er best når han tolkar Hoff.
Soloalbumet til Jan Gunnar Hoff er ei hyllest til Nord-Noreg, skriv plateselskapet.
Foto: Morten Lindberg / 2L
Jazz
Jan Gunnar Hoff:
Home
Jan Gunnar Hoff, piano. 2L
Jan Gunnar Hoff har ein internasjonal karriere, men han har alltid vore ein heilt sentral del av nordnorsk jazzliv. Symptomatisk for denne forankringa er det at han i 2010 tok initiativet til jazzfestivalen Bodø Open og var festivalsjef i perioden 2011–2020. Denne forankringa kjem også til syne på denne soloinnspelinga.
Lydguruen Morten Lindberg spurde i mai i fjor om Hoff kunne tenkja seg å spela inn ei soloplate i kulturhuset Stormen. Hoff brukte sommaren på å bu seg mentalt og velja repertoar.
I ein svært informativ tekst i omslagsheftet strekar han under at dette ikkje er ein freistnad på å laga eit album i ein spesifikk sjanger, men heller la kvar enkelt komposisjon leva sitt eige liv, og repertoaret er i sanning variert. Den raske, småfunky «Summertime» med ein «coreask» intro står i kontrast til den lågmælte og dvelande «Moon River».
På plata finn ein i tillegg «Barndomsminne fra Nordland» («Å, eg veit meg eit land»), «Bruremasj fra Beiarn» og Terje Nilsens «Kanskje» – alle fine tolkingar, men det er Hoffs eigne komposisjonar som gjer at plata er mat for ettertanken.
Hoff er ein melodikar av rang, og han har ein sikker formsans. Eg har late meg forføra av den lyriske «Meditatus», begeistra av den elegante forma til «Free Flow», late melankolien fritt strøyma på i selskap med «Detour» og falla i stavar over den meditative «Magma». Hoff er på sitt beste når han tolkar Jan Gunnar Hoff.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Jan Gunnar Hoff:
Home
Jan Gunnar Hoff, piano. 2L
Jan Gunnar Hoff har ein internasjonal karriere, men han har alltid vore ein heilt sentral del av nordnorsk jazzliv. Symptomatisk for denne forankringa er det at han i 2010 tok initiativet til jazzfestivalen Bodø Open og var festivalsjef i perioden 2011–2020. Denne forankringa kjem også til syne på denne soloinnspelinga.
Lydguruen Morten Lindberg spurde i mai i fjor om Hoff kunne tenkja seg å spela inn ei soloplate i kulturhuset Stormen. Hoff brukte sommaren på å bu seg mentalt og velja repertoar.
I ein svært informativ tekst i omslagsheftet strekar han under at dette ikkje er ein freistnad på å laga eit album i ein spesifikk sjanger, men heller la kvar enkelt komposisjon leva sitt eige liv, og repertoaret er i sanning variert. Den raske, småfunky «Summertime» med ein «coreask» intro står i kontrast til den lågmælte og dvelande «Moon River».
På plata finn ein i tillegg «Barndomsminne fra Nordland» («Å, eg veit meg eit land»), «Bruremasj fra Beiarn» og Terje Nilsens «Kanskje» – alle fine tolkingar, men det er Hoffs eigne komposisjonar som gjer at plata er mat for ettertanken.
Hoff er ein melodikar av rang, og han har ein sikker formsans. Eg har late meg forføra av den lyriske «Meditatus», begeistra av den elegante forma til «Free Flow», late melankolien fritt strøyma på i selskap med «Detour» og falla i stavar over den meditative «Magma». Hoff er på sitt beste når han tolkar Jan Gunnar Hoff.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.