JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Med draghjelp frå Inderberg

Jazz: Andreas Dreier avsluttar Ahmad Jamal-trilogien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1968
20240216
1968
20240216

Jazz

Andreas Dreier:

One for John

John Pål Inderberg, barytonsaksofon; Kristoffer Kompen, trombone (4 og 5); Bjørn Vidar Solli, gitar; Andreas Dreier, bass; Fredrik Villmow, trommer.
Losen Records

Det er få forunnt å vera ein musikarars musikar også blant den yngre garden av jazzmusikarar her til lands, men John Pål Inderberg har ein heilt unik posisjon. Gjennom jazzlinja i Trondheim (eller Institutt for musikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), som det formelt heiter) har han vore mentor og inspirator for mange jazzmusikarar in spe. Inderberg er ein av dei fremste improvisatorane me har.

At Dreier opplever det som ein draum som går i oppfylling å få høve til å laga plate med Inderberg, er ikkje vanskeleg å skjøna. Resultatet er blitt nett så bra som det er lov å håpa på eller drøyma om. Av dei sju låtane er fire skrivne av Dreier, to av Villmow, og «Ahmad’s Waltz» er skriven av Ahmad Jamal, sjølvsagt. Dreier har gjort det til ei oppgåve å få fram seint 1950-talstrioen til Jamal gjennom to tidlegare plater. I denne samanhengen kan dette sjåast på som avslutninga på ein trilogi.

Andreas Dreier (t.v.) har med seg Bjørn Vidar Solli og Fredrik Villmow på hyllesta til John Pål Inderberg (med saksofonen).

Foto: Aksel Jensen

Musikken skil seg frå forgjengarane ved at her er det hovudsakleg originalkomposisjonar på menyen, og – viktigast av alt – Inderberg er hovudsolist. Dette er ikkje det som på engelsk vert kalla ein «blowing session». Arrangementa er enkle, men elegante og blir framførte med konduite.

Dreier og Villmow er samkøyrde til perfeksjon, og Solli har i tillegg til ei rekkje spenstige kor ein strålande kommunikasjon med Inderberg. Kompen tek vel vare på gjesterolla og er spesielt i sitt ess i den New Orleans-inspirerte bluesen «Papa Blues». Inderberg er det alltid kjekt å lytta til, men han har eit spesielt langt og inspirert kor i «George». Jazztradisjonen lever i beste velgåande!

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis