Mausoleumsmusikk
Anders Eidsten Dahl spelar Mozarts komposisjonar for klokkeorgel.
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) i midten, med far og syster – og den avlidne mora på veggen. Måleri av J.N. della Croce frå kring 1780.
CD
Wolfgang Amadeus Mozart:
Mozart and the Organ
Anders Eidsten Dahl, orgel; Arvid Engegård og Atle Sponberg, fiolin, Embrik Snerte, fagott. LAWO 2023.
Sjølv om Wolfgang Amadeus Mozart (i eit brev til faren Leopold) skreiv at «orgelet i mine augo og øyro er kongen blant instrumenta», komponerte han påfallande lite orgelmusikk. Dette kan synast merkeleg, all den tid han lenge var tilsett som konsertmeister og seinare hofforganist hjå fyrstebiskopen Colloredo i heimbyen Salzburg. Men ein skal jo hugsa at orgelmusikken spelte (og framleis speler) ei langt mindre rolle i den katolske kyrkja enn i den protestantiske.
Stutte sonatar
Repertoaret som Anders Eidsten Dahl gjev oss på si nye plate, delvis saman med fagottisten Embrik Snerte og fiolinistane Arvid Engegård og Atle Sponberg, er relativt ukjent. Det dreier seg om fjorten «kyrkjesonatar» med orgel og strykarar, og tre stykke for orgel åleine. Desse kyrkjesonatane må ikkje forvekslast med den barokke sonateforma i fire satsar, den som på italiensk blir kalla sonata da chiesa og gjerne blir assosiert med barokkomponisten Arcangelo Corelli. Mozarts kyrkjesonatar er nemleg stutte stykke i éin sats, frå to til fire minutt lange, mynta på framføring mellom tekstlesingane i messa.
Stykka for orgel åleine er enda meir kuriøse, for dei er komponerte for såkalla klokkeorgel (også kalla fløyteur), altså automatiske orgel innebygde i ur som spelar musikk i staden for å slå kvar time. Også Haydn og Beethoven skreiv for dette ynda statusobjektet i 1700-talets overklassesalongar.
Händelsk lette
Dei underleg kompakt komponerte kyrkjesonatane blir framførte med ledig eleganse og snert i fiolinane, med godt framtak i bassen – særleg i dei to stykka i D-dur (spor 3 og 4). Her spelar orgelet ei rein akkompagnatørrolle, i motsetnad til i F-dur-sonaten (spor 10), til dømes, der organisten også kjem med små melodiske «svar» til fiolinane. Mest sjølvstendig opptrer orgelet i den siste sonaten i C-dur (spor 14), som nærast er ein orgelkonsert i miniatyr. Eidsten Dahl spelar her lengre episodar i dialog med fiolinane, med perlande artikulasjon i høgrehanda, og har jamvel ein liten solokadens av typen me kjenner frå Mozarts klaverkonsertar. Litt større rytmisk fleksibilitet kunne framføringa hatt, men samstundes høver den rytmiske stringensen i grunnen godt til desse noko uambisiøse komposisjonane.
Når det gjeld solostykka, har eg spesielt sansen for Adagio og allegro i f-moll, som Mozart komponerte for eit klokkeorgel i mausoleet til ein avliden feltmarskalk i 1790. Den snøgge midtsatsen «Allegro» (spor 16) har herleg händelsk lette av typen me kjenner frå Händels orgelkonsertar. Eidsten Dahl spelar her på sitt beste, særleg mot midten av satsen, der dei musikalske temaa blir utvikla, fortetta og drivne fram med snøgge basstiradar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.