Musikk

Mausoleumsmusikk

Anders Eidsten Dahl spelar Mozarts komposisjonar for klokkeorgel.

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) i midten, med far og syster – og den avlidne mora på veggen. Måleri av J.N. della Croce frå kring 1780.
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) i midten, med far og syster – og den avlidne mora på veggen. Måleri av J.N. della Croce frå kring 1780.Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) i midten, med far og syster – og den avlidne mora på veggen. Måleri av J.N. della Croce frå kring 1780.
Publisert

CD

Sjølv om Wolfgang Amadeus Mozart (i eit brev til faren Leopold) skreiv at «orgelet i mine augo og øyro er kongen blant instrumenta», komponerte han påfallande lite orgelmusikk. Dette kan synast merkeleg, all den tid han lenge var tilsett som konsertmeister og seinare hofforganist hjå fyrstebiskopen Colloredo i heimbyen Salzburg. Men ein skal jo hugsa at orgelmusikken spelte (og framleis speler) ei langt mindre rolle i den katolske kyrkja enn i den protestantiske.

Stutte sonatar

Repertoaret som Anders Eidsten Dahl gjev oss på si nye plate, delvis saman med fagottisten Embrik Snerte og fiolinistane Arvid Engegård og Atle Sponberg, er relativt ukjent. Det dreier seg om fjorten «kyrkjesonatar» med orgel og strykarar, og tre stykke for orgel åleine. Desse kyrkjesonatane må ikkje forvekslast med den barokke sonateforma i fire satsar, den som på italiensk blir kalla sonata da chiesa og gjerne blir assosiert med barokkomponisten Arcangelo Corelli. Mozarts kyrkjesonatar er nemleg stutte stykke i éin sats, frå to til fire minutt lange, mynta på framføring mellom tekstlesingane i messa.

Stykka for orgel åleine er enda meir kuriøse, for dei er komponerte for såkalla klokkeorgel (også kalla fløyteur), altså automatiske orgel innebygde i ur som spelar musikk i staden for å slå kvar time. Også Haydn og Beethoven skreiv for dette ynda statusobjektet i 1700-talets overklassesalongar.

Händelsk lette

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement