JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Matterock i høgaste potens

Hella tastar høglydt på den vitskapelege kalkulatoren og får atonale oddetakter til å låte som silkemjuk musikk for øyro.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1952
20230915
1952
20230915

Rock

Hella:

Hold Your Horse Is (Deluxe Reissue)

Kill Rock Stars

Math rock er kjenneteikna av komplekse rytmiske samanstillingar, oddetakter, utvida akkordar, plutselege stopp og usedvanlege taktskifte og tonale vendingar. Den amerikanske duoen Hella er ein – eller to, rettare sagt – av dei mest kjente aktørane innan stilarten, med gitaristen Spencer Seim, som elles spelar rocka Nintendo-musikk som trommeslagar i «nintendocorebandet» The Advantage, og trommeslagaren Zach Hill, som òg speler og har spelt med det eksperimentelle hiphopbandet Death Grips og norske Stian Westerhus, mellom andre.

Hellas debutalbum Hold Your Horse Is kom først ut i 2002. Sidan har det blitt sementert som ein matterockklassikar og er no tilgjengeleg i remastra utgåve (med to forvitnelege demoinnspelingar attpå). Den tett samspelte duoen får komplekse polymeter, oddetakter og uventa modulasjonar til å låte som den mest naturlege ting i verda – og det er kan hende det: Den einaste konstanten i verda er endring, som det vert sagt.

Musikken til Hella er heller hardtslåande og svært energisk, og medan Hold Your Horse Is kan hende ikkje passar så godt som taffelmusikk til julemiddagen, er det tale om usedvanleg fengjande ekstremmusikk – det er berre å låne lydbølgjene eit øyre (helst to). Til og med dei mest dissonante og bikubeaktige gitarriffa og kompromisslause, hardtslåande trommemønstra har ein kvalitet som roper eit (hei)dundrande hurra for livet og eksistensen; den mjukt pipande klangen av Nintendo Gameboy-spelkonsollen det heile startar med, set den tonale termostaten til ein behageleg temperatur som blir understreka av dei subtile endringane i remasteren. Så er det berre å bli med Hella på ridetur i full galopp.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis