Maniert
Ólafsson og Andsnes spelte Bach firhendig.
Firhendig: Víkingur Ólafsson og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Konsert
Beethoven, W.A.
Mozart, J.S. Bach:
Klavertranskripsjonar, kvartett
Víkingur Ólafsson og Leif Ove Andsnes, klaver; Quatuor van Kuijk.
Kvinnherad kyrkje i Rosendal, laurdag 9. juli
Eg er nok ikkje den einaste som skulle ynskt meg ein heil konsert med festivalens kunstnarlege leiar Leif Ove Andsnes under årets festival. Men me fekk høyra han innimellom, til dømes i firehendig samspel med den unge islendingen Víkingur Ólafsson i Kvinnherad kyrkje. Konserten skilde seg ut: Bortsett frå Beethovens Strykekvartett nr. 9 i C-dur, op 59 nr. 3, der Quatuor van Kuijk kom seg nokolunde heilskinna gjennom den rasande, fugeaktige sistesatsen «Allegro molto», var det ymse klaverarrangement som utgjorde programmet.
«Adagio»-satsen frå Mozarts fjerde strykekvintett blei framført med esoterisk konsentrasjon av Ólafsson, og saman med Andsnes gav han ei fin tolking av den prosesjonsaktige andresatsen frå Beethovens sjuande symfoni. Desse to innslaga fungerte best.
Bach-arrangementa var meir problematiske, noko som har med Ólafssons handsaming av det polyfone å gjera, og den mildt sagt underlege anslagsteknikken hans. I fugar (eller fugeaktige satsar) framhevar han nemleg støtt temaa dynamisk, medan han spelar kontrapunkta (motstemmene) altfor svakt. Dette verkar maniert. Lat oss ta eit døme, fyrstesatsen i Bachs orgeltriosonate, BWV 252: Temaet er jo det same gjennom heile satsen. Sjølvsagt kling det då monotont om ein stadig framhevar det. Kontrapunkta, derimot, endrar seg etter kvart og er difor meir interessante. Det er ei pianistsjuke, dette å alltid banka fram temaa slik i barokkmusikk. Og Ólafsson hamrar verkeleg på klaviaturet. Eg er glad eg sat langt bak i kyrkja.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.