Magnar Mangersnes (1938–2023)
I Bachs kyrkje: Domkantor Magnar Mangersnes dirigerer Bergen Domkantori i Thomaskirche i Leipzig i 2008.
Foto: Ingunn Lunde
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Eg hugsar fyrste gong eg såg han. Det var i Bergen domkyrkje under Orgelfestuken, ein av festivalane han sjølv sette i gang. Ein professor frå Tyskland trakterte orgelet, domkantor Mangersnes var difor tilhøyrar på konserten. Det var noko framandvore i tid og stad over oppsynet hans og måten han tedde seg på der han skreid nedover midtgangen. Den skulderlange, sylvgrå manken og dei kolsvarte augebryna – slik såg 1800-talsromantikarar som Franz Liszt ut. Dei pene hendene og dei vakne, vitelystne augo – det var noko aristokratisk over denne mannen.
Seinare blei eg kjend med Mangersnes. Eg var studenten hans i kordireksjon, eg song bass i Bergen Domkantori og var fløytist i orkesteret når han framførte store kyrkjemusikkverk i domkyrkja og Håkonshallen. Noko av det som kjenneteikna han som kordirigent, var kor godt førebudd han var. Når prøvane byrja, var ideen om tolkinga alltid utarbeidd. Like samvitsfullt skreid han til verket anten det var amatørar eller profesjonelle han hadde framføre seg. «Sann glede er ei alvorleg sak», skreiv den romerske diktarfilosofen Seneca. Her kjenner eg att Mangersnes’ haldning som kunstnar og pedagog.
Magnar Jon Mangersnes var frå Nordhordland, fødd på Manger på Radøy i 1938. I 1951 flytte familien til Frekhaug i Meland, der far hans hadde fått lærarstilling – både Radøy og Meland er i dag del av storkommunen Alver. Magnar fekk tidleg nyklar til Meland kyrkje. Kvar einaste fridag sykla guten til Meland, utstyrt av ho mor med solid niste og kakao på termosen. Vintersdag nytta han hanskar der fingertuppane var klypte av, for kontakten med orgeltangentane blei betre slik.
Det gjekk den gong, som i dag, pendlarbåt mellom Frekhaug og Bergen. Den unge Mangersnes byrja å ta timar hjå organist Thorleif Aamodt i Johanneskyrkja, og i 1966 gjekk han opp til kantoreksamen ved Bergen Musikkonservatorium (forgjengarinstitusjonen til Griegakademiet, der han i 2003 blei professor i korleiing). Si fyrste organiststilling fekk han i Meland kyrkje, seinare var han organist i Ytre Arna og Laksevåg. I 1971 blei han så domkantor i Bergen domkyrkje, ei stilling han hadde resten av sitt yrkesaktive liv.
Som domkantor lyfte han kyrkjemusikken og gjorde domkyrkja til eit sentrum for korkulturen på Vestlandet. I 1971 stifta han Bergen Domkantori, eit elitekor i norsk samanheng. Han leia dessutan Bergen Oratoriekor i 39 år og Bergen Filharmoniske Kor i 16 år.
Som domkantoriets dirigent framheva han den nye norske kyrkjemusikken, med urframføringar og tingingsverk frå komponistar som Johan Kvandal, Kjetil Hvoslef og Kjell Mørk Karlsen. Samstundes dyrka han den gamle europeiske kyrkjemusikken, særleg J.S. Bachs musikk. For Mangersnes var Bach den aller største, og han rakk å framføra heile 160 Bach-kantatar.
Då domkantoriet la ned verksemda i 2012, hadde koret minst 15 internasjonale turnear og 28 plateinnspelingar bak seg. I 2008 gjekk den aller siste utanlandsturneen til Sachsen, det gamle lutherske kjerneområdet i Tyskland. I Leipzig dirigerte han domkantoriet sitt i Thomaskirche, på same staden som Bach kvar sundag hadde dirigert kantatane sine med Thomanarkoret sitt.
Mangersnes var òg musikktenkjar. Målsamsvaret og strukturen i renessansekomponisten Palestrinas musikk var for han like regelmessig som matematiske formlar og fysiske lovar. Dette er uttrykk for pytagoreisk tenking, den antikke og mellomalderlege tankegangen om å søkja fornufta bak det beinveges klingande, mot eit ordnande prinsipp i toneverda. «Kosmisk» var eit omgrep han stadig nytta, det veit alle som kjende han. For pytagorearane var musikken eit mikrokosmos som gav atterklang i menneskesjela.
Når han derimot oppfatta «Dona nobis pacem»-satsen frå h-moll-messa som «Bachs sterkt subjektive bøn om fred», var det kjensleestetiske prinsipp som låg til grunn. Her var det romantikaren Mangersnes som tala.
Kallar ein Mangersnes for idealist og perfeksjonist, nyttar ein to omgrep som heng uløyseleg saman. Kyrkjeleg kulturarbeid handla om å læra «mennesker i alle aldre å jobbe grundig og nitid med fordypning i den rike kirkemusikalske arv», skreiv han i 1996. Det galt å «oppdra mennesker til felles innsats, disiplin og utholdenhet omkring kunstnerisk høyverdige mål».
Kva rolle musikken skal spela i det sakrale rommet, ja, kva som kvalifiserer som kyrkjemusikk i det heile – her hadde Mangersnes markante standpunkt som ikkje alle delte med han. Retorisk kunne han spørja: «Når me er samde om at kyrkjerommet skal vera eit særeige rom, for spesielle behov og handlingar, er det då ikkje naturleg å ta konsekvensen av det og å setja grenser for kva som bør utfalda seg der?» Han ottast for påverknaden frå underhaldningsindustriens kommers som kyrkja opna for, at kyrkja var i ferd med å bli meir «kaffedral» enn «katedral». Her hadde Ten Sing ingen plass. Med songen «Frk. Bibelstripp» tykte han Øystein Sunde hadde treft blink. Standpunktet var at all kyrkjekunst spring ut or liturgien, og at oppgåva til kyrkjemusikken er å tena gudstenestelivet.
Magnar Mangersnes døydde 9. januar, 84 år gamal. Gravferdsgudstenesta førre fredag blei halden i Bergen domkyrkje, arbeidsstaden hans gjennom 38 år. Men jordfesta blei han heime, på kyrkjegarden på Meland.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.