Musikk

Lyrisk og funky

Mollestad og Eberson er musikalske sjelevener.

Jubileumsverket for Parken kulturhus i Ålesund er noko av det meir lyriske og kontemplative Hedvig Mollestad har laga.
Jubileumsverket for Parken kulturhus i Ålesund er noko av det meir lyriske og kontemplative Hedvig Mollestad har laga.
Publisert

I 1998 opna Parken kulturhus i Ålesund. Delar av verket Stormen av Arne Nordheim blei brukt i opningsseremonien. Då huset feira 20-årsjubileum, fekk gitaristen, komponisten og ålesundsjenta Hedvig Mollestad i oppdrag å laga eit verk til markeringa. Tittelen tyder på at Nordheim-verket er ei inspirasjonskjelde, men musikken syner på at inspirasjonen stort sett er på eit overordna plan.

Stor arbeidskapasitet

Innspelinga blei gjord året etter konsertpremieren og berre fire månader etter at ho hadde levert tingingsverket Ekhidna til Vossa Jazz. Ikkje noko å seia på arbeidskapasiteten der i garden.

Tempest Revisited er delt inn fem frittståande delar, og musikken er langt frå så stormfull som tittelen skulle tyda på. Dette er noko av det meir lyriske og kontemplative Mollestad har laga, med godt rom for improvisasjon både på «Winds Approaching» og «Kittiwakes In Gusts». I den sistnemnde får saksofonistane verkeleg utfalda seg. Det er likevel funne plass til nokre sugande gitarriff. Avslutningslåten «High Hair» er musikalsk mest i slekt med repertoaret til trioen hennar, medan «418 (Stairs In Storms)» er verket i verket, og innleiinga syner klarast inspirasjonen frå Nordheim.

Samspel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement