Lydspora i livet
Femti forfattarar fortel om plater som har vore med på å forme dei som kunstnarar og menneske.
R.E.M. fotografert i 1992.
Pressefoto
Musikkbok
Tom Gatti (red.):
Long Players: Writers on the Albums that Shaped Them
Bloomsbury
For forfattaren Olivia Laing er musikken på R.E.M.s Automatic for the People (1992) uløyseleg knytt til gangvegen til bussen ho tok til skulen ho byrja på hausten 1992, etter ein sommar med kjærleikssorg. Årevis med lytting følgde, og då Laing skulle gi ut den første boka si, To the River, vurderte ho ei stund tittelen Find the River, etter tolvte og siste song på albumet ho skildrar som ein følgjesvein.
Den vesle teksten hennar om R.E.M.-klassikaren er å finne i Long Players: Writers on the Albums that Shaped Them, saman med 49 andre, sett saman av redaktør Tom Gatti, som også reflekterer over albumformatet som estetisk uttrykksform før og no i eit fint føreord.
Om du er ein av dei som vender tilbake til nokre plater som har fått ein særleg viktig plass i livet ditt, av grunnar som har både med deg og med musikken å gjere, så er sjansen stor for at du vil kjenne deg att i somme av tekstane i denne boka, som har opphav i ei spalte i New Statesman (der Gatti er redaktør).
Lite format
Bakgrunnen forklarer det knappe formatet, for minna og refleksjonane strekkjer seg berre over to–tre sider, men det viser seg å vere nok til å kunne opne ei dør inn til ei plate og alt ho kan romme.
For meir skal det ikkje til for å skape både lyttelyst og lytteglede, i alle fall når nivået er så høgt på både forfattarar og album, med ein ganske god variasjon i samansetjinga av begge delar – berre det at du kan lese Teju Cole om Black Stars Mos Def & Talib Kweli Are Black Star (1998), Daljit Nagra om The Smiths’ Meat Is Murder (1985), Ben Okri om Miles Davis’ Kind of Blue (1959) og Sarah Hall om Radioheads OK Computer (1997) i ei og same bok, er ein kvalitet i seg sjølv.
Levt liv
For dei som ønskjer seg musikkhistorie, analyse og kontekstualisering, gjerne over nokre fleire sider, finst det andre bøker. Kvalitetane som bur i Long Players er snarare at tekstane er så kortfatta at du nær sagt alltid vil ha tid til ein, og at boka slik leier vegen inn til nye og gamle musikalske kjenningar med både snert og effektivitet. Dette er ikkje ei bok du les frå perm til perm, men leiter fram frå tid til anna, gjerne når du får lyst til å setje på ei plate, og kan tenkje deg eit tips utanfrå.
Til saman er tekstsamlinga ei ganske kraftfull påminning om den særeigne rolla musikken spelar i livet vårt. Som tittelen lovar, dreier det seg om plater som har medverka til å forme menneskeleg og kunstnarleg identitet, og fleire av tekstane finn den skrivande ved eit avgjerande vegskilje.
Patricia Lockwoods gripande tekst om This Mortal Coil-plata It’ll End in Tears (1984), til dømes, skildrar hennar møte med musikken på golvet på jenterommet som fjortenåring i St. Louis, på ei tid i livet då ein seksuell identitet er i emning. George Saunders fortel om korleis Yes-albumet Fragile (1971) fekk han til å forstå at det å lage noko vakkert, kan innebere å lage noko som kunstnaren sjølv ikkje heilt skjøner tydinga eller krafta av. Det er med andre ord mykje levt liv og visdom i Long Players, og det er slik det må vere.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.