JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lyden av 20-talstechno

Det skotske plateselskapet Mála Ádh si nye overraskingssamling opnar opp for noko godt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valerie Ace bidreg med «Dream Harder», ei inspirerande radbrekking av Justin Timberlakes klassiske hit frå 2006, skriv Rasmus Hungnes.

Foto: Soundcloud.com

1942
20220708
1942
20220708

Elektronisk musikk

Ymse artistar:

LUCKYBAG002

Mála Ádh

Mála ádh er gælisk for lykkepose. Eg var flaksen nok til å slumpe til å få tilgang til den nye samlinga til det skotske plateselskapet tidlig, og kan melde at LUCKYBAG002 er fylt med saliggjerande musikk som får bein, føter, hovud – kort sagt alle kropps- og sinnsdelar – til å humpe og sprette i takt.

LUCKYBAG002 kom på CD førre veke og kjem straks òg i ikkje-fysisk format. I likskap med forgjengaren er alle bidraga framifrå døme på det som har dominert technomusikken dette tiåret så langt: Dette er dansemusikk av det høveleg harde slaget, techno blanda med eit islett industrial, hypnotiske tranceelement og flust med snurrige krumspring.

Valerie Ace bidreg med «Dream Harder», ei inspirerande radbrekking av Justin Timberlakes klassiske hit frå 2006, «Sexy Back». Greske MarcelDune har markert seg som ein svert interessant produsent dei siste par åra, og hennar tornande spor «You Could Never» skuffar slett ikkje. DJ Pacifier – pacifier tyder smokk – sitt bidrag, «Adventure», er nærast rolig i forhold, og minner meg på underleg vis om ein gamal barne-TV-snutt med ei mus som er ute på eventyr og svingar seg mellom kjøkkenhyllene.

Terrorythmus skapar sving med ein leiken synthmelodi og polyrytmiske skifte på «ULTIMATE».

Etter suksessen til Machine Girl og Duma å døme – begge laga nyleg stor stemning då dei vitja Blå i Oslo – er det stor hunger etter den primale kjensla som berre musikk dominert av djupe basstrommer og vilter perkusjon kan mane fram – «entrainment», som det å bli riven med eller sogen inn av rytmar i fellesskap blir kalla i musikknevrologifaget. Det er nesten så fellesskapskjensla snik seg innpå her eg sit, mutters åleine, og høyrer på LUCKYBAG002.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis