Musikk

Lidande lieder

Alice Cootes Schubert-tolkingar overtyder ikkje.

Den engelske mezzosopranen Alice Coote.
Den engelske mezzosopranen Alice Coote.
Publisert

Austerrikaren Franz Schubert (1797–1828) var grunnleggjaren av den romantiske kunstsongen med klaver, den tyskarane kallar Lieder. På sitt nye album, som er sett saman som eit avvekslingsrikt konsertprogram, presenterer mezzosopranen Alice Coote og pianisten Julius Drake eit fint lied-utval frå både song­syklusar og enkeltsongar, med vekt på tonesetjingar av Goethe-dikt. Han spelte ei spesiell rolle for Schuberts utvikling som lied-komponist. Inspirasjonen kunne driva han til å komponera heile fem Goethe-songar på éin dag, i alt kring 75 stykk. Diverre var diktaren særs konservativ i musikksmaken. Fyrst etter at komponisten var død, fekk han øyro opp for dei nyskapande kvalitetane i Schuberts lieder.

Lengt etter ro

To av Goethes mest kjende einskilddikt er med på plata: «Wanderers Nachtlied I ‘Der du von dem Himmel bist’» og «Wanderers Nachtlied II ‘Über allen Gipfeln’». Det siste, som diktaren skreiv på veggen i ei jakthytte utanfor småbyen Ilmenau i 1780, er for meg sjølve sinnbiletet på romantikarens lengt etter ro – ein indre harmoni den sjeleleg labile Schubert tørsta etter heile livet.

Han tonesette dikta i høvesvis 1815 og 1823. Den fyrste songen blir framført med intens nerve og klang av Coote – for intenst for meg, roa høyrer me nemleg berre i Drakes klaverpart. Songen blir difor verande uforløyst. Sidan komposisjonen er så tekstnær, blir Cootes ujamne tyskuttale òg spesielt høyrbar. «Ach» blir fort til «ack» (på same måten som engelskspråklege tenderer til å seia «Back» i staden for «Bach»), og «ü», som på tysk er meir runda enn vår «y», glir somme stader nesten over i «i».

«Wanderers Nachtlied II» blir sungen med meir høvande uttrykk, for her moderer Coote vibratobruken og dempar klangen ved å leggja meir «luft» på røysta. Dette er ein fin effekt som gjer tonen lett diffus, men utan at det svekkjer konsonantane nemneverdig. Teksten blir slik forståeleg, men problemet med dei forvrengde vokalane er der framleis. Drakes akkompagnement er ypparleg. Han gjer det så enkelt og endeframt han kan.

Dauden og jenta

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement