Lett og skifterikt
På hammarklaver kling Beethovens klavermusikk uvant delikat.
Sopranen Dorothea Röschmann syng Beethovens skotske folkesongar i Riddersalen.
Foto: Liv Øvland
Konsert
Ludwig van
Beethoven:
Sonate, songar og kvartett
Dorothea Röschmann, sopran; Kristian Bezuidenhout, hammarklaver; Quatuor van Kuijk; mfl.
Riddersalen, Baroniet i
Rosendal, fredag 8. juli
Musikaren eg gledde meg mest til å høyra under årets festival, var den sørafrikanske pianisten Kristian Bezuidenhout, som i Riddersalen spelte Beethovens Klaversonate nr. 7 i D-dur, op. 10 nr. 3. Han nytta eit hammarklaver frå kring 1830. Denne forlauparen til vårt moderne flygel har spesielle klanglege kvalitetar og får Beethovens klavermusikk til å låta uvant delikat. Tonane i det øvste registeret er relativt svake, men har eit eksplosivt og litt metallisk anslag. Bassregisteret er også luftigare enn på moderne klaver, pianisten kan difor spela sterkt utan at akkordane blir grautete. Med Bezuidenhouts skifterike artikulasjon var sonaten ein fryd å lytta til.
Britisk folkemusikk er ikkje det ein vanlegvis tenkjer på i samband med Beethoven, men han tonesette faktisk nærare 200 skotske, walisiske og irske folketonar for den uvanlege besetninga songar, fiolin, cello og klaver. Ikkje alle stykka er like interessante – komponisten gjorde det nok fyrst og fremst for pengane. Men med den tyske stjernesopranen Dorothea Röschmann var det likevel artig å høyra dei. Akkompagnementet var suverent. Bezuidenhouts perlande hammarklaver blanda seg lekkert med den vibratolause strykarklangen.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Konsert
Ludwig van
Beethoven:
Sonate, songar og kvartett
Dorothea Röschmann, sopran; Kristian Bezuidenhout, hammarklaver; Quatuor van Kuijk; mfl.
Riddersalen, Baroniet i
Rosendal, fredag 8. juli
Musikaren eg gledde meg mest til å høyra under årets festival, var den sørafrikanske pianisten Kristian Bezuidenhout, som i Riddersalen spelte Beethovens Klaversonate nr. 7 i D-dur, op. 10 nr. 3. Han nytta eit hammarklaver frå kring 1830. Denne forlauparen til vårt moderne flygel har spesielle klanglege kvalitetar og får Beethovens klavermusikk til å låta uvant delikat. Tonane i det øvste registeret er relativt svake, men har eit eksplosivt og litt metallisk anslag. Bassregisteret er også luftigare enn på moderne klaver, pianisten kan difor spela sterkt utan at akkordane blir grautete. Med Bezuidenhouts skifterike artikulasjon var sonaten ein fryd å lytta til.
Britisk folkemusikk er ikkje det ein vanlegvis tenkjer på i samband med Beethoven, men han tonesette faktisk nærare 200 skotske, walisiske og irske folketonar for den uvanlege besetninga songar, fiolin, cello og klaver. Ikkje alle stykka er like interessante – komponisten gjorde det nok fyrst og fremst for pengane. Men med den tyske stjernesopranen Dorothea Röschmann var det likevel artig å høyra dei. Akkompagnementet var suverent. Bezuidenhouts perlande hammarklaver blanda seg lekkert med den vibratolause strykarklangen.
Sjur Haga Bringeland
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.