Musikk
Leit, og de skal finne
The Welcome Wagon er tilbake med sin milde lovsong.
Ekteparet Vito og Monique Aiuto utgjer duoen The Welcome Wagon.
Foto: Denny Renshaw
Du bør banke på kjærleikens dør, heiter det i «Knocking on the Door of Love», eit nøkkelspor på Esther, det nye albumet frå The Welcome Wagon. For kva skjuler seg der? Songen smyg seg innpå deg, først med milde oppmodingar om å møte fortviling med bøn, før han opnar seg i lovsong med svaret: «Jesus, I stretch my hands to thee.» Det heile munnar ut i allsong og klapp og fyller stoverommet med gospel medan snøen dalar ned utanfor glaset.
Inderleg
Duoen The Welcome Wagon er ekteparet Vito og Monique Aiuto, busett i Brooklyn, der Vito er presbyteriansk pastor. Esther er det fjerde albumet frå dei to.
Det vil ikkje komme som ei overrasking for dei som har lytta til Sufjan Stevens, at han står som produsent, og at utgivinga kjem på hans plateselskap, for tankane går rett som det er til dei tidlege platene hans (høyr til dømes på det avsluttande sporet). Dette er inderlege songar, uttrykket er enkelt, med Vitos gitarklimpring, og to røyster kvar for seg og saman i harmoniar, men nokre innslag av piano, strykarar og messingblåsarar.
Under lyttinga til Esther kom eg til å tenkje på «On Celestial Music», eit essay av forfattaren Rick Moody som først vart publisert i eit tidsskrift vinteren 2007, og seinare kom i samlinga On Celestial Music (2012). Musikk er eit av dei få områda der vi opererer med eit ord som «sjel», skriv Moody, for heller ikkje dei sekulære protesterer på nemninga soul.
I utforskinga av «det himmelske» i ord og tonar skildrar forfattaren evna ein song kan ha til å rykkje oss ut av kvardagen. Han viser då mellom anna til Otis Reddings «Try a Little Tenderness» (1966), som han meiner gjer at vi får auge på noko som finst bakanfor, «beyond what we daily understand».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.