Leiken ensembledebut
Per Zanussi får maks ut av ensemblet.
Per Zanussi & Vestnorsk Jazzensemble:
Li (And The Infinite Game)
Didrik Ingvaldsen og Simen Kiil Halvorsen, trompet, Kristoffer Alberts, Kjetil Møster, Heidi Kvelvane og Elisabeth Lid Trøen, saksofonar, Gro Austgulen, fiolin, Thomas Dahl, gitar, Jørgen Træen, elektronikk, Per Zanussi, bass, Øyvind Skarbø og Børge Fjordheim, trommer.
Clean Feed
Det er berre å merka seg namnet – Vestnorsk Jazzensemble. I sommar leverte dei varene på Sildajazz i kompaniskap med Mariam Wallentin, og her er dei plateaktuelle på velrenommerte Clean Feed med tingingsverket Li (And The Infinite Game), skrive av Per Zanussi, også det urframført på Sildajazz – i 2021. Verket er sett saman av ti delar der «Retabling» og «Baltering» glir over i kvarandre.
Zanussi er inspirert av den nykonfutsianske termen li som ordnande prinsipp eller underliggjande mønster og strukturar i naturen. Musikken, eller den endelause leiken som Zanussi her kallar det, gjev god meining utan eit nykonfutsiansk bakteppe, men å halda fast på mønster og struktur som ein lytteknagg gjev haldepunkt i jakta på den raude tråden.
Elles er inspirasjons-
kjeldene fleire, men vestafrikansk musikk slik han blei transformert og kom til uttrykk i amerikansk jazz på slutten av 1960- og byrjinga av 70-talet, er eit markant innslag. Træens elektroniske forsiringar, svært elegant utførte fleire stader, mellom anna på «Uragano» og «Golden Spike», fører tankane attende til Herbie Hancocks sekstettutgjevingar som Crossings og Sextant.
Musikken blei spelt inn i Elektrolüd-studioet i Stavanger i januar i år. Bandet læt både friskt og samspelt. Det er spesielt kjekt å høyra kor fint dei to trommeslagerane og bassisten spelar saman og blir formidla i lydbiletet. Her er korte og poengterte kor av fleire i ensemblet, men dette er ein lagsiger først og fremst.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.