JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lastverk

Jordi Savall hastar seg gjennom Mendelssohns «italienske symfoni».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tonekunstnaren Felix Mendelssohn Bartholdy (1809–1847) var også bilet­kunstnar. Her ein akvarell av Firenze frå Italia-reisa hans i 1830.

2973
20231110
2973
20231110

CD

Felix Mendelssohn Bartholdy:

Symphonie no 4 en La Majeur «Italienne»

Le Concert des Nations; dir.: Jordi Savall. Alia Vox 2023

Den katalanske viola da gamba-spelaren og dirigenten Jordi Savall er ein koryfé innan renessanse- og barokkmusikk. No gjer han som så mange av tidlegmusikkollegaene sine: Han freistar seg på 1800-talsrepertoar, spelt på «originalinstrument» frå den romantiske perioden. Her dirigerer han tyske Felix Mendelssohns mest elegante symfoni: Symfoni nr. 4 in A-Dur, op. 90, som har tilnamnet «den italienske» (her innspelt i to versjonar, den opphavlege frå 1833, og den reviderte frå 1834).

Men elegant kan tolkinga knapt kallast. Det songlege som Mendelssohns musikk ha for å utfalda seg, vantar. Savall hastar seg gjennom satsane, med tempo som verkar som dei er sette meir av prinsipp enn av smak. Orkesteret Le Concert des Nations taklar ikkje denne snøggleiken, for fløytene slurvar med artikulasjonen, og innsatsane til messingblåsarane kjem for seint. Det haltar – og kling difor hektisk.

Reisemusikk

Den «italienske» blei til etter ei toårig danningsreise gjennom Italia kring 1830, der det unge flogvitet gjorde seg kjent med nasjonens kunst og kultur. På same måte som Mendelssohn heldt fast på reiseminna gjennom teikningar og akvarellar, kan symfonien oppfattast som musikalske reisememoarar. Det sanseleg sydlandske me høyrer i den fyrste og siste satsen, er direkte inntrykk av folkelivet på torg og gater. Den gamalvorne andresatsen kling meir som marmor, som nostalgiske etterklangar av renessansearkitektur og antikk skulptur.

Tarantella

Med Savalls bakgrunn overraskar det ikkje at denne andresatsen «Andante con moto» er mest vellukka. Bassen, som på barokt vis går i jamt artikulerte åttedelsnotar, driv det heile framover i relativt høgt, men ikkje hektisk tempo. Fyrstesatsen, derimot, ein springande «Allegro vivace», får aldri skikkeleg fotfeste. Melodien er komponert med mange små pausar og gjentakingar, men sjølv om melodisnuttane er stutte, må dirigenten greia å forma frasane songleg. Savall får ikkje dette til.

Finalesatsen «Saltarello» er den mest problematiske. Mendelssohn tek her utgangspunkt i den livfulle romerske folkedansen saltarello, og den meir aggressive napolitanske folkedansen tarantella. Men dirigenten driv det for vidt. Teknisk polerte «høgglansinnspelingar» finst det for mange av, så Savall skal ha ros for å ta musikalsk risiko. Men dei eggjande rytmane, den svingande energien – slikt sviktar når det tekniske er såpass upresist.

Til slutt lyt det underlege lydbiletet på innspelinga nemnast. Mikrofonane er sette opp kloss i fiolinane, medan dei djupe strykarane høyrest ut som om dei blir spelte frå lengst bak i konsertsalen. Dette skiplar balansen og får orkesteret til å låta mindre enn det faktisk er.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis