Musikk

Langfredagsmusikk

AMSTERDAM: Ton Koopman var på sitt mest fokuserte og klårtenkte då han dirigerte Concertgebouw-orkesteret i Bachs største pasjon palmesundag.

Matteuspasjonen av Bach blir framført i storsalen til Concertgebouw i Amsterdam.
Matteuspasjonen av Bach blir framført i storsalen til Concertgebouw i Amsterdam.

KONSERT

Johann Sebastian Bach:

Matteuspasjonen, BWV 244

Christina Landshamer og Wiebke Lehmkuhl, sopran; Tilman Lichdi, tenor; Manuel Walser, baryton; Klaus Mertens, bass; Nederlands kammerkor og nasjonale barnekor m.fl.; Concertgebouw-orkesteret; dir.: Ton Koopman. Concertgebouw i Amsterdam, sundag 25. mars.

Det var eit mektig verk Concertgebouw-orkesteret under leiing av Ton Koopman spelte denne siste sundagen før påskestilla breidde seg i Nederlands viktigaste konserthus: Bachs Matteuspasjon, der me fylgjer Jesu lidingsveg og dauden på krossen slik det blir skildra i evangeliet etter Matteus. Denne langfredagsmusikken frå 1727 er med over to og ein halv times framføringstid ikkje berre Bachs lengste enkeltverk. Det er òg det mest omfangsrike når det gjeld besetning, for komponisten krev to orkester, to kor, eitt gutekor og seks songsolistar i tillegg til sju mindre songsolistroller. Dette er utan tvil det Bach-verket det løner seg mest å oppleva live. For på CD kverv poenget med dei to orkestera og kora bort – me får rett og slett ikkje med oss den dramatiske dialogen mellom dei.

Sildestimar

Den vellukka utnyttinga av dialogeffekten mellom kora var noko av det beste ved denne framføringa, ein effekt som blei tydeleg i det veldige opningskoret «Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen». Alt i dei fyrste taktane merka eg at dirigenten Koopman var på sitt mest fokuserte og klårtenkte denne dagen. I staden for taktstokk nytta han peikefingrane, og gjennom livleg mimikk og markant kroppsleg gestus verka han stundom meir som folketalar enn dirigent. Sjølv om han hadde stålkontroll på musikarane, var framføringa fri og livfull – særleg imponerande var den tekniske presisjonen til kora, Nederlands kammerkor og Amstedam barokkor, som rørte seg organisk og samkøyrt som sildestimar.

Den beste bassen

Sjølv om Matteuspasjonen er lang, greier Bach å skapa ein vellukka balanse mellom einskap og variasjon, noko som gjev verket eit heilt eige driv. Ved sida av dei to store korsatsane i byrjinga og avslutninga finst tre kompositoriske hovudelement: Handlinga blir resitert av «evangelisten», ei tenorrolle som tyske Tilman Lichdi song med dempa dramatisk uttrykk. Koret er stundom òg del av handlinga, til dømes der dei agerer sint jødemobb – mobben som vil at Pilatus skal frigi Barabbas i staden for Jesus.

I motsetnad til handlinga står dei kontemplative ariane, der tida liksom stoppar opp og songsolistane gjer seg tankar om det som hender. Her var tyske Klaus Mertens i særklasse. Prestasjonen hans stadfeste oppfatninga mi om at han, sjølv om han no byrjar å dra på åra, er verdas beste bassongar for dette tyske repertoaret. Den talenære diksjonen hans, den tydelege utføringa av ornamenta, den vakre og vibratolause stemmeforminga på dei lange tonane – den yngre generasjonen barokksongarar har mykje å læra av han.

Sjarmerande mellomspel

I tillegg til handlinga (resitativa) og det kontemplative (ariane) kjem koralane, kyrkjesalmar som er valde ut til å passa tematisk med pasjonstemaet. Desse koralmelodiane og -tekstane var gamle alt på Bachs tid; det nye og geniale var Bachs uttrykksfulle harmoniseringar (akkordane han sette til melodien).

Alt dette, som spenner frå uttrykksfull operastil til komplisert, polyfon kyrkjemusikk, skal altså haldast i hop av éin dirigent. Til dette er få betre skikka enn Koopman, som dei siste tiåra har etablert seg som ein av dei ypparste Bach-tolkarane i verda. Ikkje nok med at han dirigerte. I resitativa og mange av ariane akkompagnerte han òg på orgel, med sjarmerande improviserte mellomspel mellom frasane.