JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Landskappleik med rekordtal

GOL: Det var meir enn 1000 deltakarar og om lag 5500 tilskodarar på Landskappleiken på Gol sist veke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vinnaren i A-klassa i hardingfele Per Anders Buen Garnås saman med dei to andre finalistane, Sindre Tronrud og Ottar Kåsa.

Foto: Folkorg

7218
20240705
7218
20240705

Musikk

Folkorg:

Landskappleiken

Gol, 26. juni–30. juni 2024

52 år etter at Landskappleiken førre gong blei arrangert på Gol, var hallingdalskommunen i år på ny vertskap for festivalen. Gol spel- og dansarlag leverte eit arrangement blant dei beste i den lange historia til denne aller eldste festivalen i Noreg. Talet både på deltakarar og tilskodarar ser ut til å vera rekord.

Hovudarenaen under kappleiken var den enorme, nybygde idrettshallen på Gol. På fleire av arrangementa var alle dei innpå 1000 sitjeplassane i bruk. Eit kulturuttrykk som for nokre generasjonar sidan stort sett blei forvalta av gamle menn, ser no ut til å appellera til stadig fleire, ikkje minst til ungdomen.

Den verkeleg store sensasjonen på årets kappleik var den 23 år gamle Sindre Tronrud frå Vårflaumen Spel- og dansarlag i Valdres. For andre gongen deltok han i A-klassa i hardingfele, det ein med god margin må kalla den fornemste klassa i norsk folkemusikk. I år hadde klassa 19 deltakarar, medrekna tidlegare vinnarar som Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås, Jan Beitohaugen Granli og Alexander A. Røynstrand.

Då dei 19 spelemennene og -kvinnene hadde spela, stod tre mann igjen som finalistar. Det var Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås og Sindre Tronrud. 41 år gamle Ottar Kåsa frå Falkeriset Spelemannslag i Rauland har vunne A-klassa under Landskappleiken fire gonger, fyrste gongen i 2011 og sist i 2016. 44-åringen Per Anders Buen Garnås frå spelemannslaget Bøheringen har ikkje mindre enn fem sigrar, den fyrste i 2003 og den siste i fjor på Rjukan.

Så dukka altså Sindre Tronrud fram og tok kampen opp mot dei to stordomane frå Telemark. Både i hovudkonkurransen og i finalen var spelet til Tronrud i særklasse. Han hausta sterk applaus og blei kalla fram igjen på scena for å ta imot endå meir hyllest. For Tronrud var det sjølvsagt heller ikkje noka ulempe at han kom frå Valdres og hadde eit spel som i høg grad står i same tradisjon som i Hallingdal.

Seks sigrar

Finalen i A-klassa, som blei halden på kvelden fredag, enda med at Per Anders Buen Garnås gjekk av med sigeren. Han har dimed seks sigrar i A-klassa i hardingfele på Landskappleiken. I historia til Landskappleiken blir no Garnås berre forbigått av dei to spelemennene Gunnulf Borgen (1881–1953) frå Bø i Telemark og Gjermund Haugen (1914–1976) frå Notodden, som kvar i si tid hadde åtte sigrar.

Det er aldri lett å vita kva dommarane legg vekt på når dei rangerer tre så gode spelemenn som Garnås, Kåsa og Tronrud. Kvar av spelemennene hadde to slåttar i finalen. Den andre slåtten som Per Anders Buen Garnås spelte, var «Markensmondagen» i tradisjon eller Lars Fykerud frå Sauherad. Ekspertar som har langt betre innsikt i hardingfelespel enn forfattaren av desse linene, karakteriserte spelet til Garnås som massivt og roleg, men samstundes finurleg og avansert. Det var eit lyrisk djup i Fykerud-slåtten som er sjeldan å høyra, sjølv på dette nivået.

Ottar Kåsa framførte i finalen ein lydarslått etter Svein Løndal til minne om Lars Fykerud, ved sida av Knut Dahle-springaren «Rjukanfossen». Spelet til Kåsa var av solid kvalitet, men det var altså Sindre Tronrud som vekte oppsikt. Den eine av slåttane hans var «Kjørstaddrepen», ein slått laga til minne om eit drap i 1823.

Dag og Tids ekspertar slår fast at Tronrud spelte endå betre i finalen enn det han gjorde i hovudtevlinga. Spelet hans var friskt og ferskt, og spesielt «Kjørstaddrepen» blei framført med ei spennvidde som ein må til langt eldre spelemenn for å få maken til.

– Sindre Tronrud er eit usedvanleg talent som me vil høyra mykje meir til i framtida, blei det sagt.

Song og kveding

Finalespel var det også i klassa Vokal A, der dei fremste kvedarane i landet tok del. Denne klassa hadde 21 deltakarar, 16 kvinner og fem menn. Det var i år spesiell spenning knytt til vokalklassa ettersom kongepokalen var sett opp her.

Ein generell tendens dei siste åra er at religiøse songar er blitt stadig meir populære, kanskje fordi det er eit rikt tilfang av slike. Stev, som har vore ein viktig del av den norske kvedartradisjonen, er meir sjeldan å høyra og blei i år stort sett berre framført av kvedarar frå Setesdal og Telemark.

Til finalen i Vokal klasse A kom Anne Gravir Klykken frå spelemannslaget Vårlengt i Grenland, Synnøve Brøndbo Plassen frå Hedmark folkemusikklag og Margit Myhr frå Gol spel- og dansarlag. Multitalentet Margit Myhr var alt vinnar på Landskappleiken; saman med Ulf-Arne Johannesen og Ingunn Stræte hadde ho teke del i dans hardingfele klasse A og fått fyrsteplassen. Ho spela òg ein av dei to hovudrollene i stykket om Rotneims-Knut, som er omtala på annan stad på desse sidene.

Margit Myhr kom på andreplass i  Vokal A-klassa.

Foto: Ole Johs Brye

Under finalen song Anne Gravir Klykken mellom anna ei vise frå Gransherad der to kvinner, ei ung og ei noko eldre, snakkar om korleis dei skal få draget på mannfolk slik at ein slepp å døy som gamal jomfru. Synnøve Brøndbo Plassen framførte ein slått frå Folldal som skal ha blitt laga av ein blind mann som gjekk omkring på bygdene, den såkalla «Bom-bom-slåtten». Ei av visene til Margit Myhr var «Hyrdevisa», ein tradisjonell ballade som handlar om ein steinrik gut som blir saman med ei lutfattig gjetarjente.

Igjen var det stor spenning knytt til kven domarane peikte ut som vinnar. Alle dei tre finalistane heldt eit godt tak i publikum, med ei stemmeprakt heilt utanom det vanlege. Mange tippa at vinnaren ville bli Anne Gravir Klykken, som framførte songane sine med sterk innleving. Fyrsteplassen gjekk likevel til Synnøve Brøndbo Plassen, med Margit Myhr på andre- og Anne Gravir Klykken på tredjeplass. At Plassen gjekk av med sigeren, kom nok av den energien ho viste på scena under framføringa. «Bom-bom-slåtten» hennar blei framført med så mykje fres at ho blei favoritten til domarane.

Ikkje heilt objektivt

Som ein vaken lesar vil ha forstått av det som er skrive her, er utpeiking av vinnarar og ikkje-vinnarar på Landskappleiken langt ifrå ei verksemd med berre objektive kriterium. I kvar av klassene er det tre domarar som kvar for seg gjer seg opp si eiga meining om prestasjonane. Så kjem domarane saman og samanliknar det dei har kome fram til.

Etter det kjem det til drøfting og – om ein skal uttrykka seg sleivete – til aldri så lite kjøpslåing. Styreleiaren Hilde Reitan i Folkorg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg – tok opp dette under ei av tevlingane.

– At ein kjem saman og tevlar om å vera best, har vist seg å vera ei god ramme rundt folkemusikkarrangementa i Noreg. Ingen må ta resultata altfor bokstaveleg. Her gjeld det mykje meir å delta enn å vinna. Men så lenge publikum og deltakarar finn meining i desse tevlingane, vil Folkorg halda fram med å arrangera dei, sa ho.

Alle resultata frå tevlingane under landskappleiken kan ein finna på folkorg.no. Dei meir enn 1000 deltakarane tevla i til saman 40 klasser, inkludert instrumentutstillinga for fele og hardingfele.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dag og Tids ekspertar slår fast at Sindre Tronrud spelte endå betre i finalen enn det han gjorde i hovudtevlinga.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis