Musikk

Kvartettdebuten

Quatuor Mosaiques vidarefører arven etter Harnoncourt i kammermusikkform.

Ludwig van Beethoven (1770–1827), teikna av August von Kloeber i 1818.
Ludwig van Beethoven (1770–1827), teikna av August von Kloeber i 1818.
Publisert

Joseph Haydn blir gjerne kalla «strykekvartettens far», for det var han som i 1760-åra etablerte sjangeren som den mest fornemme og høgverdige i musikken. At eleven Ludwig van Beethoven venta til han bikka 30 med å publisera sine fyrste kvartettar, hadde med den ovstore respekten for musikkforma å gjera.

Beethovens seks strykekvartettar i opus 18 (1801) har eg alltid hatt spesielt sans for. Den framleis unge komponisten synte nemleg her kor nøye han hadde studert lærarens sjangerkonstituerande verk, samstundes som han «føreslår» ein veg vidare for sjangeren. Med andre ord: Vel er kvartettane med si klåre form og sin lune musikalske humor særs «haydnske». Men me anar også originale trekk som særmerkjer den vegen Beethoven var i ferd med å slå inn på, med ein meir burlesk humor enn Haydns.

Harnoncourt

Det er rart kor pregande den fyrste tolkinga ein høyrer av eit verk, kan vera. Eg har opplevd mange fine framføringar av desse strykekvartettane på CD og konsert, men det er likevel innspelingane med Quatuor Mosaiques eg stadig kjem attende til.

Dette ensemblet sprang ut or Concentus Musicus Wien, dirigenten Nikolaus Harnoncourts epokegjerande tidlegmusikkorkester. Den analytiske grannsemda og kompromisslause uttrykksviljen som var typisk for Harnoncourt, som døydde i 2016, er vidareført av Quatuor Mosaiques, særleg gjennom fyrstefiolinisten Erich Höbarth og cellisten Christophe Coin.

Gamle instrument

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement