JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kurt kokar hovudet

Årets plate frå Lambchop høyrer med mellom bandets beste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kurt Wagner i Lambchop.

Kurt Wagner i Lambchop.

Foto: Mickie Winters

Kurt Wagner i Lambchop.

Kurt Wagner i Lambchop.

Foto: Mickie Winters

3101
20220930
3101
20220930

Rock

Lambchop:

The Bible

City Slang / Playground

Kva er Lambchop? Det er eit spørsmål Kurt Wagner er den einaste som kan svare på, for det er frontmannen i det omskiftelege bandet som i realiteten til ei kvar tid definerer kva som skal komme frå den kanten. Og på det åttande sporet på årets nye album, «Every Child Begins the World Again», er det som om alle versjonane av Lambchop kulminerer i ein og same song, som ein manifestasjon av både dei impulsane som har ført namnet dit det er i dag, og dit det kan førast vidare.

Som musikalsk prosjekt har Lambchop kanskje aldri vore meir radikalt ope enn det er no, og det er jammen friskt – Wagner har laga musikk under namnet sidan litt ut på 1990-talet, og kunne nok ha halde mange lyttarar godt nøgde med velprøvde oppskrifter, i ei tid der musikalsk nostalgi kanskje er meir innbringande enn nokon gong. Den gong ei.

Ny retning

Lyden av platene Lambchop laga frå midten av 2000-talet og utover – Damaged (2006), Oh (Ohio) (2008) og Mr. M (2012) – er kjenneteikna av at bandet fann seg komfortabelt til rette i eit attkjenneleg musikalsk uttrykk lyttarane deira lærte seg å forvente. Då sistnemnte utgiving kom ut, var Kurt Wagner litt uti femtiåra og fann seg sjølv i ein situasjon der han anten kunne halde stø kurs, eller utsetje det musikalske prosjektet for risiko.

Det vart til sistnemnde strategi, og eg høyrer til mellom dei som meiner at Flotus (2016) var eit steg i rett retning. Lambchop med Auto-Tune! Synthane florerte, og dei elektroniske impulsane fekk herje ganske fritt. I botnen av det heile kunne ein høyre ei kunstnarleg frigjering frå forventningar, ein motivasjon om ikkje å lage Nixon (2000), bandets framleis beste album, igjen og igjen – om å tore å tukle med ein velstøypt, ganske unik americanavariant.

Endå betre

The Bible, som kjem ut i dag, er endå betre enn Flotus – dristigare, djupare, vakrare og like nyskapande. Kan nokon meine at ein song som «Whatever Mortal» ikkje høyrer med mellom Lambchops beste? Eg kan ikkje hugse sist eg høyrde ein så vellukka miks av musikalske element frå jazzen, soulmusikken og den elektroniske musikken, i vokalarrangementet, i det rytmiske, i bruken av blåsarar, i den djupe ståbassen som driv det heile fram. Få songen på og høyr sjølv!

Wagners ekstistensielle funderingar står side om side med politisk akutte sonderingar i «Police Dog Blues», som med forgreiningar i bluestradisjonen og tydelege referansar til drapet på George Floyd har ei markant slagkraft, ikkje minst takka vere vokalen til Madison Hallman. Desse solide døma kjenneteiknar The Bible, dei er ikkje unntak – dei er representative for nivået på årets album.

Wagner var visst i tvil om kva han skulle bruke Lambchop-namnet til i arbeidet med The Bible. Kvifor lage musikk, kva slags musikk? Så viste det seg at krisa styrkte mannens vedvarande evne til å kombinere sjelegransking og musikalsk utforsking. Godt. Vi treng historier som har ein lukkeleg slutt.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis