Musikk
Kunsten å døy
John Eliot Gardiner klarte å få fram nye klangelege nyansar ved «Actus tragicus», sørgjekantaten der J.S. Bach skildrar mennesket si ferd frå sotteseng til paradis.
Engelske John Eliot Gardiner er fast gjest under Bachfest i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Det forgjengelege ved livet, døden og det å overvinna han har vel alltid vore tema i tonekunsten. Nokre av dei vakraste verka i musikkhistoria krinsar om slikt, då særleg i den protestantiske kyrkjemusikken. I Luthers teologi har skjærselden ingen plass. Lutheranarane venta å møta ein god og kjærleg Gud «på den andre sida» – ei hjarteleg mottaking i Jesu nåde. Dette optimistiske dødsbiletet merkar me på gravferdsmusikken deira, som gjerne går i dur og kan verka underleg gladlynt.
Dei to største verka John Eliot Gardiner dirigerte under Bachfest i Leipzig år, handla om kunsten å døy. Den engelske dirigenten, som er fast gjest under denne eldste og største Bach-festivalen i verda, er vel den mest kjende nolevande tolkaren av kyrkjemusikken hans. Med eit slikt namn på plakaten var det ingen problem å fylla Nikolaikyrkja med sine over 1400 sitjelassar til randa.
Etter konserten ville applausen ingen ende ta, for Gardiner imponerte: Han greidde å setja verka i eit nytt lys og å syna ukjende klanglege og musikalskretoriske nyansar ved kantatane, noko som ikkje er sjølvsagt for ein slik veteran. Sjølv om han har turnert med dette repertoaret i mange tiår no, klang det friskt.
Førebudd greve
Konserten var del av serien «Bachs røter», der festivalen fokuserer på føresetnadane for J.S. Bachs kyrkjemusikk. Om Bach var den største lutherske kyrkjekomponisten på 1700-talet, fortener Heinrich Schütz (1585–1672) å bli kalla den største i hundreåret føreåt. Alt i samtida blei han kalla «den moderne musikkens far».
Som kapellmeister i Dresden fornya Schütz kyrkjemusikken ved å introdusera nye musikalske former han hadde lært å kjenna under læreåra i Venezia, byen som var Europas mest progressive musikkmetropol kring 1600. Ei av dei nye formene var den «konserterande stilen», som er ei virtuos tevling mellom solistar og instrument. Ei anna var «den venetianske fleirkorteknikken», der ulike kor og instrumentgrupper musiserer samstundes rundt om i kyrkjerommet. Den spesielle stereoeffekten dette skaper, må opplevast live – på CD kjem han aldri skikkeleg fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.