Kristin Asbjørnsen på norsk
Dei spenstige og strokne arrangementa går aldri i vegen for tekstane.
Kristin Asbjørnsen har skrive fram songane ved pianoet sitt.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Jazz / Verdsmusikk
Kristin Asbjørnsen:
Hjemveier
Kristin Asbjørnsen, vokal og piano; Olav Torget, ymse gitarar og bass; Eivind Aarset, gitar, bass og elektronikk; Anders Engen, perkusjon, piano, synth, dobro og vokal; Suntou Susso, kora og vokal; Monica Ifejilika, vokal. Kirkelig Kulturverksted
Alle reiser er ein omveg heim, den kjende boktittelen av Herbjørn Sørebø frå 1974, kan stå som ein undertittel på Kristin Asbjørnsens nye plate, den første utgjevinga med norske tekstar frå hennar side.
Heilt sidan den kritikarroste Wayfaring Stranger – A Spiritual Songbook (2006) har Asbjørnsen utvikla eit musikalsk uttrykk med røter i gospeltradisjonen, men også påverka av vestafrikansk mandinka. Ho har oftast hatt med seg folk som trakterer eit rikt utval strengeinstrument. Olav Torget har vore ein trufast musikalsk følgjesvein.
Med Hjemveier har Asbjørnsen teke (eit førebels?) farvel med gospeltradisjonen og erstatta det med eit moderne vise/pop-uttrykk ispedd jazz og musikk frå Vest-Afrika.
Det pulserande, strengebaserte er framleis ein berebjelke i det musikalske reisverket, men plata opnar og sluttar med røysta til Asbjørnsen til eige pianoakkompagnement. Vokaluttrykket og arrangementa gjev tekstane god plass, og slik sett blir tekstane som berande element forsterka.
Dei konkrete, sentrallyriske tekstane toler presset. Den stramme musikalske regien opnar ikkje for noko improvisatorisk frislepp, men bandet serverer mange utsøkte detaljar i dei skreddarsydde arrangementa. Kristin Asbjørnsen på norsk er svært vellukka.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / Verdsmusikk
Kristin Asbjørnsen:
Hjemveier
Kristin Asbjørnsen, vokal og piano; Olav Torget, ymse gitarar og bass; Eivind Aarset, gitar, bass og elektronikk; Anders Engen, perkusjon, piano, synth, dobro og vokal; Suntou Susso, kora og vokal; Monica Ifejilika, vokal. Kirkelig Kulturverksted
Alle reiser er ein omveg heim, den kjende boktittelen av Herbjørn Sørebø frå 1974, kan stå som ein undertittel på Kristin Asbjørnsens nye plate, den første utgjevinga med norske tekstar frå hennar side.
Heilt sidan den kritikarroste Wayfaring Stranger – A Spiritual Songbook (2006) har Asbjørnsen utvikla eit musikalsk uttrykk med røter i gospeltradisjonen, men også påverka av vestafrikansk mandinka. Ho har oftast hatt med seg folk som trakterer eit rikt utval strengeinstrument. Olav Torget har vore ein trufast musikalsk følgjesvein.
Med Hjemveier har Asbjørnsen teke (eit førebels?) farvel med gospeltradisjonen og erstatta det med eit moderne vise/pop-uttrykk ispedd jazz og musikk frå Vest-Afrika.
Det pulserande, strengebaserte er framleis ein berebjelke i det musikalske reisverket, men plata opnar og sluttar med røysta til Asbjørnsen til eige pianoakkompagnement. Vokaluttrykket og arrangementa gjev tekstane god plass, og slik sett blir tekstane som berande element forsterka.
Dei konkrete, sentrallyriske tekstane toler presset. Den stramme musikalske regien opnar ikkje for noko improvisatorisk frislepp, men bandet serverer mange utsøkte detaljar i dei skreddarsydde arrangementa. Kristin Asbjørnsen på norsk er svært vellukka.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.