Kreativ musikkformidling
Angel Olsen løftar medartistar fram i lyset.
Angel Olsen då ho spelte på All Points East-festivalen i Victoriaparken i London i august i fjor.
Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB
Rock
Angel Olsen mfl.:
Cosmic Waves Vol. 1
Somethingcosmic / Playground
Kva har Poppy Jean Crawford, Coffin Prick, Sarah Grace White, Maxim Ludwig og Camp Saint Helene til felles? Kanskje at ikkje så mange lesarar av denne avisa har høyrt om dei. Alle fem har elles æra av å vere representerte i første utgåve av den nye plateserien til Angel Olsen – eit namn fleire nok vil kjenne.
Løftar fram andre
Olsen – som har gitt ut fleire markante album som har vore omtalte på desse sidene, seinast Big Time (2022) – har nemleg sett seg føre å løfte fram artistar og band ho synest fortener merksemd. Cosmic Waves Vol. 1 – A Curated Compilation & Covers Project kjem ut på det vesle selskapet hennar, Somethingcosmic, og står fram som eit ideelt døme på kreativ musikkformidling.
Eg trur ikkje eg har sett det gjort på nett denne måten før: På side A får dei fem artistane sleppe til med eige, nytt originalmateriale, og så, på side B, skiftar Olsen rolle frå kurator til fortolkar, idet ho framfører utvalde låtar av kvar enkelt. For meg er dette det første møtet med alle fem.
Det første som slår meg, er kor ulike desse artistane er. Opningssporet, ved Poppy Jean Crawford, viser seg med sitt kraftfulle trøkk og gitar-øs å vere utypisk grenseoverskridande for det som følgjer. Coffin Prick, Ryan Weinsteins prosjekt, putrar og boblar med psykedeliske synthar og skranglete gitarriff.
Sarah Grace White fører oss endå nærare kvilepulsen, og framstår med «Ride» som eit klassisk singer-songwriter-talent. Det gjer også på sin måte Maxim Ludwig, med ein fin pianoballade – han har visst alt vore på L.A.-talentradaren i nokre år (kanskje har til og med skrytet i L.A. Times for nokre år sidan vore hemmande for artisten).
Til sist gir Camp Saint Helene denne lesaren herlege assosiasjonar til band som Mazzy Star og Cowboy Junkies – uttrykket er dempa, men storslege.
Solide låtskrivarar
Overgangen vert liten til Olsen sjølv når ho strippar Poppy Jean Crawfords (opphavleg) luftige poprock i «The Takeover» til beinet.
Kanskje kan ein seie at Olsen her, og i versjonane som følgjer, viser at alle artistane ho har valt, er solide låtskrivarar.
Som pianoballade heimsøkjer versjonen hennar av Sarah Grace Whites «Sinkhole» – kanskje det sterkaste sporet på utgivinga – så å seie originalversjonen, og får fint fram kvalitetane i songen.
Eg har sansen for dette prosjektet. Som døropnar fungerer det heilt utmerkt. Om det skulle vere ein potensiell fare, så måtte det vere at side B framstår som så koherent og heilstøypt – kanskje kjem ein del av Olsens trufaste lyttarar til å gå rett dit, i framtida, når dei finn fram Cosmic Waves Vol. 1 – A Curated Compilation & Covers Project.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.