Musikk
Kostymeball
Stalheim og Hadland spelar Stravinskijs neobarokke rytmar med stålkontroll.
Amalie Stalheim spelar på ein cello bygd av Francesco Ruggieri i Cremona i 1687.
Foto: Nikolaj Lund
Amalie Stalheim og Christian Ihle Hadlands duoalbum startar staseleg, med den russiske komponisten Igor Stravinskijs Suite Italienne, eit stykke frå 1932 som byggjer på musikk frå balletten hans Pulcinella. Verket er frå Stravinskijs neoklassiske periode. Men stilistisk må musikken heller kallast neobarokk, for komponisten har her teke utgangspunkt i konkrete enkeltsatsar av eit knippe ukjende italienske 1700-talskomponistar. Konturen til komposisjonane er gamal, men den harmoniske fargelegginga moderne.
Suverent samspel
Opningssatsen «Introduzione» slår an ein elegant og svingande tone, ikkje ulikt Griegs Holberg-suite, for begge komposisjonane er litt som musikkhistoriske kostymeball. Stravinskij legg seg likevel nærare opp til dei historiske modellane, med gjennomført barokke rytmar og melodiar.
Musiseringa er fyrsteklasses, med lytefritt samspel og ærleg framlegging av det utilslørt teatralske ved musikken. I andresatsen «Serenata» syner musikarane fine kontrastar mellom den vide, songlege cellomelodien og klaverets drivande, tusenbeinaktige tonerepetisjonar. Også fjerdesatsen, springdansen «Tarantella», er god. Her fjernar komponisten seg lengst frå førebileta sine; det er Stravinskijs eige botnsolide komposisjonshandverk me høyrer. Dei tette og suggererande rytmane toler ingen slinger. Duoen spelar dei med stålkontroll.
Presis og avmålt
Dei to andre verka er franske. I Francis Poulencs (1899–1963) cellosonate frå 1948 trer det klanglege i forgrunnen, sjølv om også han har sansen for markerte rytmar (til dømes i marsjdelen av fyrstesatsen). I tredjesatsen «Ballabile», som med sine sprengande melodiar nesten kling asiatisk, er musikarane på sitt mest leikne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.