JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Korleis det er

Jeff Tweedys songar appellerer til medmennesket i oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jeff Tweedy slik han framstiller seg sjølv på plateomslaget.

3113
20181130
3113
20181130

Rock

Jeff Tweedy:

WARM

dBpm Records

«Eg veit korleis det er å ikkje kjenne smerte», syng Jeff Tweedy i det som må vere ein av årets finaste songar, «I Know What It’s Like», på albumet WARM, som kjem ut i dag.

Populærmusikken manglar ikkje songar om dei store, overveldande kjenslene: sakn, kjærleik, sjalusi, kjærleikssorg. Sjeldnare høyrer du ein låt om det å kjenne seg lamma og avstumpa, slik Tweedy sjølv gjorde då han enda opp med å verte avhengig av smertestillande tablettar og fekk eit alvorleg rusproblem for nokre år sidan.

Rett fram

Når eg den siste tida har lytta så mykje til Tweedy, er det fordi eg ikkje berre har høyrt på dei nye songane han har laga, men også på boka han nett har gitt ut, memoarboka Let’s Go (So We Can Get Back), som føreligg som lydbok, lesen av forfattaren sjølv.

Som forteljar har Tweedy mange av dei same kvalitetane han har som låtskrivar. Han er ærleg, rett fram og byr på ein tidvis dyrekjøpt visdom i ei liketil røyst som aldri vert sjølvhøgtideleg. Morosamt er det også, ofte, for det dreier seg om ein forfattar som kan forvalte det anekdotiske materialet på ein lakonisk, snarare enn ein melodramatisk, måte.

«Eg veit korleis det er» er kjernen i ein empatisk uttrykksmåte. Sjølv når dei ikkje seier det så direkte, sirklar fleire av songane på WARM rundt ei slik vending mot lyttaren.

Når nokon som står deg nær, døyr frå deg, vert du gåande og tenkje på døden, det er jo uunngåeleg, og slik vart denne hausten for min del. «We all think about dying», syng Tweedy i «Don’t Forget»: «Don’t let it kill you

Eg var ikkje åleine om å meine at Sukierae (2014), plata Tweedy gav ut saman med sonen Spencer på trommer under namnet Tweedy, var heilt på høgde med det beste han har laga med Wilco dei siste åra – om ikkje betre. I fjor kom soloplata Together At Last, med akustiske tolkingar av gamle og nye Wilco-låtar. Tweedy baud på ei rekkje akustiske solokonsertar i 2016 og 2017. Då han hadde lagt desse bak seg, bestemte han seg for å lage ei plate der han tok med dei songane han meinte hadde gjort sterkast inntrykk på publikum. Slik enda han opp med passande titulerte WARM.

For det gode

Lyttarar som finn vegen til albumet, vil raskt finne ut at det er utstyrt med uvanleg sterke såkalla liner notes, altså tekst som følgjer omslaget og utgivinga, ofte med ein miks av det anekdotiske, det faktiske og det analytiske.

George Saunders står bak, ein forfattar som sjølv har makta å skrive fram ein usentimental empati i mange framifrå noveller opp gjennom åra. Det går ikkje an å tenkje seg ein betre skribent til oppgåva. Skriftstykket om Tweedy fangar effektivt og kjenslevart essensen i musikken til denne artisten. Kunstens oppgåve er å strekkje seg over tid og rom og tilby ei trøyst, skriv Saunders – «ikkje ein kur eller ein resept, men ei trøyst som ikkje verkar triviell». Store ord, kanskje, når forfattaren kallar Tweedy ein «warrior for kindness», men slik kjennest det altså etter å ha lytta til WARM.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis