Musikk

Konserterande

Ardinghello Ensemble spelar Mozarts fløytekvartettar med grannsemd.

Ardinghello Ensemble med fløytisten Karl Kaiser i midten.
Ardinghello Ensemble med fløytisten Karl Kaiser i midten.
Publisert

Det var Joseph Haydn som etablerte strykekvartetten som tonegjevande kammermusikkform på 1760-talet. I samtidas språkbruk blei slike gjerne omtala som fiolinkvartettar, sidan alle dei fire instrumenta jo soknar til fiolinfamilien. Men stemma til fyrstefiolinen kunne òg komponerast for treblåseinstrument, til dømes obo, fagott, horn, klarinett eller tverrfløyte. Vanlegast var fløytekvartettar, der tverrfløyta erstatta fyrstefiolinen.

Tretverrfløyte

Wolfgang Amadeus Mozart skreiv minst fire slike fløytekvartettar, som det tyske Ardinghello Ensemble her har spelt inn med gruppas primus motor, Karl Kaiser. Både han og medmusikarane nyttar instrument som er rigga på historisk korrekt måte. Kaiser sjølv spelar på ein kopi av ei tverrfløyte frå 1790. Den er av tre og har færre klaffar enn moderne eksemplar av arten.

Men, som me høyrer på opningssporet, «Allegro»-satsen frå Fløytekvartett i D-dur, KV 285, er det kanskje spelestilen som tydelegast avslører det historiske: Kaiser unngår mest heilt å nytta vibrato. Tonen er sylindrisk og luftig, og særleg dei svake piano-partia har ein sylvaktig, skimrande klangkvalitet.

Eg likar Kaisers spelemåte, men stundom skulle eg ynskt meg noko større variasjon i grunnklangen hans. Særleg i dei snøgge satsane læt det litt for ufleksibelt. Intonasjonen hans er god, om me ser bort frå nokre få lange og svake tonar. I slike pianissimi intonerer han nemleg for lågt.

Romanse

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement