Musikk

Konkret og forfriskande

Propan har teke vare på vitaliteten frå liveversjonen.

Publisert

Sagstuen og Garner etablerte i 2011 duoen Propan. Femme Brutal, eit feministisk klubb- og bookingkollektiv heimehøyrande i Oslo, tinga verket Swagger til festivalen deira 26. august i 2016. Seinare har dei vore i Studio Paradiso og spelt inn verket. Finpussen har duoen gjort i fleire rundar saman med Lasse Marhaug.

Verket er sett saman av elleve korte delar, «AI» til «AV» og «BI» til «BVI». Den store variasjonen i uttrykk og karakter til dei ulike delane gjer det i førstninga vanskeleg å få fatt i den indre samanhengen i dei elleve delane, men etter nokre gjennomhøyringar vert ein del sambandslinjer og overordna kompositoriske grep tydelege.

Sagstuen og Garner er inspirerte av minimalisme og konkret musikk. Triangelet duoen dannar med Lauvdal, er det som sterkast pregar musikken. Korte melodiske fragment i vokalen saman med det karakteristiske synthspelet til Lauvdal gjev uttrykket eit naivistisk preg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement