Komponist og matematikar
Delia Derbyshire skaper ei eventyrleg og framtidsretta lydverd.
Delia Derbyshire då ho var med i ein av mange radioverkstader i BBC.
Foto: Wikipedia
Bakgrunn
Tilrådd lytting:
Dr. Who-temaet
White Noise: An Electric Storm
Electrosonic
Circle Of Light (filmmusikk)
Film:
The Delian Mode (dokumentar)
Bakgrunn
Tilrådd lytting:
Dr. Who-temaet
White Noise: An Electric Storm
Electrosonic
Circle Of Light (filmmusikk)
Film:
The Delian Mode (dokumentar)
Delia Derbyshire (fødd 5. mai 1937 i Coventry i England) er eit namn eg har høyrt andre musikarar referere til i ei årrekkje. Ho var komponist og matematikar, og ein av nøkkelpersonane i BBC Radio Workshop i 1960-åra. Der laga ho mellom anna klassiske vignettar og ljoddesign for ei mengd radioprogram og fjernsynsseriar, forutan å samarbeide om fleire plateutgjevingar, mellom anna det kritikarroste avantgardepopalbumet An Electric Storm med White Noise frå 1969. Ho har vore samanlikna med viktige elektroniske komponistar som Karlheiz Stockhausen og Raymond Scott, og ho vart òg hyra inn for å arbeide på prosjekt med meir eksperimentelle rockeartistar som Brian Jones (frå Rolling Stones) og Pink Floyd.
Dr. Who
Ho var sentral i utviklinga av elektronisk omarbeidde klangar, komposisjon med bruk av såkalla loops, og utstrekt bruk av effektar, mange av dei oppfatta som sjokkerande og skumle for publikum på den tida. Samstundes var ho som kvinneleg komponist motarbeidd og diskreditert i ei rekkje tilfelle – den mest kjende saka var då ho vart nekta kreditering som medkomponist på vignetten til den kjende sci-fi-serien Dr. Who.
Derbyshire vart i tillegg i starten av karrieren på slutten av 1950-åra nekta stillinga som produsent i plateselskapet Decca, slett ikkje på grunn av mangel på kunnskap og talent, men fordi selskapet ikkje gav kvinner tilgjenge til studioa sine. Heldigvis hadde ho ein urokkeleg trong til å arbeide med musikk og elektronikk, og ho fekk etter kvart byrja i eit av dei mest velutstyrte studioa i Europa, kring ljodekspertane i BBC.
Kritikk
Ho fekk etter kvart kritikk i BBC for å skapa for abstrakte og sofistikerte uttrykk, eller for å verte for bisarr og psykedelisk. Mange av ideane hennar vart difor ikkje realiserte, eller dei vart refuserte av leiinga.
Men det var nett her, i desse eksperimenta med musikk i grenseland, ho kan seiast å ha vore føre tida si, i desse utanomjordiske, vrengde klangane og futuristiske rytmane og melodiane.
Høyr til dømes på dei ljodlege kulissane på utgjevingane til White Noise, eller musikken ho laga for natur- og vitskapsprogram, så forstår ein at ein hadde å gjere med eit genuint nytenkjande menneske.
Organiske ljodar
Ho arbeidde med stor produksjon av musikk og ljoddesign fram til 1973, då ho vart frustrert over utviklinga i både musikkverda og BBC, med høgt press, kortare og kortare tidsfristar og stadig meir automatiserte elektroniske løysingar. Ho var særs oppteken av det menneskelege og organiske ved dei elektroniske ljodane og skeptisk til moderne syntheziserar. I tida etter BBC Radio Workshop slutta ho å jobba med musikk og arbeidde mellom anna på museum, i kunstgalleri og bokhandlarar fram til ho mot slutten av livet vart gjenoppdaga og dregen med på fleire musikkprosjekt med yngre utøvarar.
Seinare har ho hausta mange lovord for arbeidet sitt og fått nærast legendestatus i det moderne elektronikamusikarmiljøet. Mange musikarar frå yngre generasjonar har henta inspirasjon frå Derbyshire. Her kan eg nemne mellom andre Aphex Twin og The Chemical Brothers.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein forstår at ein hadde å gjere med eit genuint nytenkjande menneske.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.