Musikk
Klubben på den andre sida av gata
Så lenge debutantar og veteranar byr på kvalitet, døyr ikkje rocken ut.
Ole Kirkeng platedebuterer i dag.
Foto: Joanne Sørheim
Rock
Det finst ein type kjærleikssong som mest av alt skildrar djup lengt, som dveler ved minnet, og som slik på same tid rommar både avstand og nærleik til den andre. Og det er i denne kategorien, som krev slik ein finstemt balansegang frå låtskrivaren, at tittelsporet på Still Not Lost, debutalbumet til Ole Kirkeng, høyrer heime.
Eg har sett fram til utgivinga sidan eg høyrde Kirkeng som oppvarmingsartist for The Delines i fjor vår – det vesle settet var stort nok til å vise at vi har å gjere med eit stortalent, noko som verkeleg vert stadfesta med Still Not Lost. Dei åtte songane på plata er alle av høg kvalitet. Dei viser ein sikker omgang med americanaens sentrale figurar og tropar i både tekst og tone, og det skadar heller ikkje at Geir Sundstøl har produsert så stilsikkert saman med Kirkeng.
Dylansk
Det er nesten så ein skulle tru at Kirkeng har laga slik musikk i årevis, og langt lenger enn hans 29 år skulle tilseie. Faktisk minner han i tittelsporet ikkje så reint lite om ein 82-åring – «Still Not Lost» er nemleg så typisk Bob Dylan anno Time Out of Mind (1997) som det vel går an å verte, og tener som endå ei påminning om det formidable avtrykket artisten etterlèt seg på stadig nye generasjonar.
Det gjeld også i høgste grad for Tom Roger Aadland, som fleire lesarar vil kjenne som ein framifrå gjendiktar av Dylan på nynorsk. Skyer er tiande plate frå låtskrivarveteranen, som også har utstyrt Hellbillies og Vamp med tekstar. Aadland har også produsert sjølv, saman med Kjetil Steensnæs, og har med seg eit knippe framifrå musikarar på eit album der fleire av songane er skrivne og framførte på rogalandsdialekt, noko som fungerer som berre det. Kjærleikssongen som får avslutte Skyer, «Siste natta vår i lag», stiller i same kategori som Kirkengs – og Dylan lurer i skuggane også her, idet forteljinga faldar seg ut, strofe for strofe, i nesten ni minutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.