Klassisk valdresspel
Sivert Holmen forvaltar tradisjonen trufast.
Sivert Holmen er fødd i Vadsø og budde i Finnmark dei første leveåra. Då familien flytta til Aurdal i Valdres, kom interessa for hardingfele.
Foto: Cathrine Dokken
Folkemusikk
Sivert Holmen:
Jotunheimen
Ta:lik
Omslagsfotoet på Sivert Holmens første soloplate syner spelemannen ståande i lyngen med hardingfela, og i bakgrunnen bryt sola fram gjennom skydekket over Jotunheimen. Slik sett kviler det eit nasjonalromantisk skjer over dette plateprosjektet. Og på same måten som kunstnarane på 1800-talet lét seg inspirera av dette sambandet mellom landskap og folkemusikk, er dette òg noko unge utøvarar stadig vender attende til.
Men medan mange yngre folkemusikarar prøver å laga ein eigen vri på musikken og gjerne kle han i nye arrangement og overraskande konstellasjonar, framstår Holmen som ein trugen tradisjonsforvaltar. I det informative tekstheftet skriv han at målet «har vore å samle mange av dei største og kanskje beste slåttane vi har i Valdrestradisjonen på plata».
På same måten som klassiske musikarar stadig kjem med nye innspelingar av musikken til Grieg, serverer Holmen folkemusikkens versjon av klassisk ervesylv som rytmisk særprega springarar og smektande lydarslåttar frå Valdres.
Holmen er student ved Noregs musikkhøgskule, og som så mange i tilsvarande situasjon kombinerer han ulike kjelder i tileigninga av spelet: direkte læring frå andre utøvarar og læremeistrar, noteoppskrifter, eldre plateinnspelingar og arkivopptak.
Plata er spelt inn i NRKs Store studio, lydbiletet er klårt og tiltalande, og spelet er kontrollert ned i minste detalj utan at det vert stivt. Holmen ynskjer at plata skal vera til hugnad både for kjennarar av valdresspel og for folk som aldri har høyrt hardingfele før. Han har all grunn til å lukkast med denne ambisjonen.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.