Klangen av Austerland
Collegium Vocale Gents konsert i Thomaskyrkja var årets festivalhøgdepunkt.
Bachtolkingas «grand old man»: Philippe Herreweghe dirigerer i Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Konsert
J.S. Bach:
Kantatar
Collegium Vocale Gent; dir.: Philippe Herreweghe Thomaskirche Leipzig, laurdag 10. juni
Belgiske Philippe Herreweghe, som i 1970 stifta Collegium Vocale Gent, er ein grand old man innan Bach-tolking, med eit utal innspelingar av kyrkjekantatane. I Noreg hugsar somme han som Stavanger Symfoniorkesters sjefdirigent for tidlegmusikk på byrjinga av 2000-talet. Konserten hans i Thomaskyrkja, Bachs arbeidsstad gjennom 27 år, var ei oppleving utanom det vanlege.
Dei fire yndlingskantatane hans frå Bachs fyrste kantateårgang inkluderte òg ein av mine favorittar: Sie werden alle aus Saba kommen (Dei kjem alle frå Saba), BWV 65, eit rikt instrumentert verk som – i tillegg til songsolistar, blandakor og strykarar – krev to horn, to blokkfløyter og to oboar da caccia. Den sistnemnde instrumenttypen (ordrett: «jaktobo») blei oppfunnen i Leipzig i 1720-åra og var ofte brukt av Bach. Den mørke, fyldige obotonen, toppa av skimrande blokkfløyter og staselege støyt frå horna – dette gjev kantaten ein særeigen eksotisk klang. Bach ville her openbert ha noko som høvde til soga han tonesette, nemleg den om «vismennene frå Austerland» som hylla Jesusbarnet.
Thomaskyrkja er enorm. Her står ikkje musikarane i austenden ved altaret, men på orgelgalleriet (oppe, lengst bak). Eg har vore på konsertar i denne kyrkja der framføringa blei klangleg og artikulatorisk diffus. Men Herreweghe var klok nok til å justera ned tempoa og insistera på markant og luftig artikulasjon. Difor klang det alltid klårt. Koret læt fantastisk, orkesteret spelte med optimal presisjon og kvart ord frå solistane var skjøneleg. Kort og godt: Herreweghe gav meg den største konsertopplevinga under årets Bachfest.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?