Kjelda var ikkje tørr

Paul Simon hadde meir musikk i seg likevel.

Paul Simon har late seg inspirere av salmen.

Musikk

Publisert

Kanskje går det an å seie at dei første strofene av Paul Simons fascinerande Seven Psalms, som er ute i dag, er ein refleksjon over religiøs biletbruk. «The Lord» legg fram motsetningsfulle førestillingar om det allmektige: Herren er eit andlet i atmosfæren, heiter det, eller eit måltid for dei fattige. Ei dør som står open for den som er framand, men også covid-19-viruset, eller havet som stig. Det er som om all von og all frykt får plass i dette eine biletet, i alle desse setningane som tek til med «The Lord is...»

Alt i éin jafs

Slik kan ein seie at musikken vi høyrer, er i tråd med den mest grunnleggjande definisjonen av sjangeren tittelen ber lovnad om: salmen. Går ein til etymologien, fører det greske opphavet – psalmos, song med strengespel – vidare til den mest basale tydinga, at det dreier seg om ein song med religiøst innhald. Og likevel liknar ikkje det vi høyrer på Seven Psalms, det vi høyrer i ei gudsteneste rundt om i norske kyrkjer.

Det gir kanskje best meining å tenkje på Seven Psalms som eit sjudelt verk, der kvart segment har ein tittel. Komposisjonen varer i 33 minutt, der innleiande «The Lord» på seks minutt er nøkkelsporet, før det eine fører deg vidare til det neste. Du skal ta til deg alt i éin jafs – etter prinsippet Karpe insisterte på med SAS Plus / SAS Pussy (2019), eller, for den del, Prince på Lovesexy (1988), den gongen artisten irriterte på seg folk med å berre ha eitt einaste spor på CD-plata. Det heile er sparsamt instrumentert, gjennomført akustisk. Viktigast er Simons gitarspel, og røysta hans, som held seg godt – det er ei røyst det ikkje går an å ta feil av, som det kjennest som ei uventa gåve å få høyre igjen.

Det vart først offentleg kjent at Simon hadde noko nytt på gang då Miracle and Wonder kom ut hausten 2021. Lydboka baud på lange samtalar artisten hadde hatt med Malcolm Gladwell og Bruce Headlam, og dei som tok seg tid til dei fem timane det redigerte utdraget varte, fekk høyre Simon setje seg ned med gitaren og dele noko han arbeidde med, men endå ikkje visste heilt kva var: «I haven’t figured out quite what it is yet. Oh, you know what, let me make coffee.» Melodien høyrer vi att no, med Seven Psalms.

Salmediktingsvri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement