Katastrofe og kunst
Kim Myhrs verk får det beste ut av Kitchen Orchestra.
Det nyaste albumet til Kim Myhr er utgjeving nummer 100 på Sofa Music.
Foto: Orfee Schuijt
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Samtidsmusikk
Kim Myhr:
Hereafter
Kim Myhr, gitarar; Signe Irene Time, vokal og kassettspelar; Gunhild Seim, trompet; Petter Frost Fadnes og Arild Hoem, saksofonar; Gaute Vikdal, basstrombone; Nils Erga, bratsj; Jenni Witick, cello; Johan Egdetveit, akkordeon; Dag Egil Njaa, elektronikk; Øyvind Dale, tangentar; Marius Munthe-Kaas, vibrafon; John Lilja, bass; Thomas Bang, bass og gitar; Ståle Birkeland og Dag Magnus Narvesen, trommer. Sofa
Pandemien dannar utgangspunktet og er bakteppe for verket Hereafter, tinga av og for sjølve flaggskipet i Stavanger-jazzen, Kitchen Orchestra. Verket tematiserer daude og forgjengelegdom. Myhr minnest meldinga frå statsminister Solberg i marsdagane 2020 – at me alle risikerte å mista nokon som stod oss nær. For Myhr handlar verket om å anerkjenna og akseptera katastrofe.
Verket er delt inn i elleve relativt korte delar som spenner frå to til fire minuttar, med den ni minuttar lange del sju og dei seks minuttar lange delane åtte og ti som unnataka. Myhr fortel i presseskrivet at «Raag Miyan Ki Malhar» med Ustad Salamat Ali Khan frå filmen Jalsaghar kverna i bakhovudet i månadene komponeringa gjekk føre seg, og dette har nok sett sine spor som ein del av grunnstemninga i verket, men også konkret i del fire.
Musikken byggjer på ein del element, til dømes dronar og ostinat, som blir gjentekne og sett opp i kontrastar til andre element, eller musikken er meir lagdelt og horisontal. Dei fleste av enkeltdelane kan lyttast til som frittståande miniatyrar, men samla utgjer dei eit puslespel på elleve delar.
Eg var på re-premieren av verket på Maijazz i fjor, der verken omstenda eller konsertlokalet spelte på lag. Dette er noko heilt anna. Verken Myhr eller Kitchen Orchestra har nokon gong vore betre på plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.