JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kartet og terrenget

Hurray for the Riff Raff legg ut på livets landeveg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alynda Segarra er ein framifrå låtskrivar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Tommy Kha

2997
20240223
2997
20240223

Rock

Hurray for the Riff Raff:

The Past Is Still Alive

Nonesuch

Kan ein song vere eit trygt rom? Målet var i alle fall å skape akkurat det då Alynda Segarra skreiv «Colossus of Roads», eit av fleire høgdepunkt på det nye albumet med den passande tittelen The Past is Still Alive: å dikte fram ein plass som kanskje ikkje finst i røynda, men i ei delt førestellingsverd, i form av ein låt – der allslags menneske som ser seg sjølv som annleis, som outsiderar, kan vere trygge saman.

Markant ytring

Eit slikt rom er det bruk for. Songen vart til etter den anti-LGBT-motiverte masseskytinga på ein bar i Colorado Springs hausten 2022, og er ei markant ytring frå den skeive transpersonen Segarra. «Colossus of Roads» har ei slags stillegåande, men sterkt mobiliserande kraft, med sine stemningsskildringar og samlande referansar, og er kledd i milde, listande countrytonar, noko som ikkje minst kjem fram i Phil Cooks fine dobrospel.

«Colossus of Roads» er fjerde spor på ei plate som vert omtalt som «ein ny start» for Segarra og bandprosjektet Hurray for the Riff Raff, som eg har skrive om fleire gonger før på desse sidene, sist med naturpønk-albumet Life on Earth (2022), og før det, då kanonplata The Navigator såg dagens lys i 2017. Sistnemnde utgiving inneheldt ein av mine absolutte favorittlåtar av Segarra, den storslegne «Pa’lante», som av openberre grunnar vart noko av ein kampsong i Trump-åra som skulle følgje (ta ein lytt!).

The Past Is Still Alive, som er dedisert til artistens far, vert omtala som både memoar og vegkart, og tek lyttaren med gjennom eit mangefasettert, men distinkt amerikansk landskap, der Nebraska, New York (der Segarra vaks opp), Florida og Santa Fe er mellom stoppestadene. Der blikket på Life on Earth var retta mot det kollektive, globale og politiske, er det i desse nye songane meir tydeleg retta innover, mot individet og minnet, og dei vegane livet kan føre ein på.

Framifrå låtskrivar

Brad Cook er tilbake som produsent og musikar, og uttrykket orienterer seg i ulike americana-retningar, med mellom anna pedal steel-gitar (Mike Mogis) og andre gitarar (Meg Duffy), fele (Libby Rodenbough) og Wurlitzer (Cook). Matt Douglas er med på saksofon, og folk som S.G. Goodman, Conor Oberst og Anjimile er innom og korar.

«I’m so happy that we escaped from where we came», syng Segarra, som med «Snake Plant (The Past Is Still Alive)» etter eiga utsegn har prøvt å lage «sin versjon» av Bob Dylans «I Was Young When I Left Home» (1961, bygd over «Nine Hundred Miles»).

Det dreier seg verkeleg om ein framifrå låtskrivar, og ein skal jo vere ganske trygg på sitt eige handverk for å kunne seie noko slikt. Mest av alt er The Past is Still Alive full av levt liv, av varme minne og dyrekjøpt erfaring om kvarandre, av alt som gjer eit menneskeliv til eit menneskeliv.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis